Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Japansk språk 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

JAP120 byggjer på JAP110 og har utvida begynnarundervisning i og om det japanske språket, med vekt på språkstruktur, skriftspråk, høfleg tale og praktisk språkbruk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har ei utvida forståing av språksystemet og prinsippa som japanske ordbøker er bygde opp etter.
  • har kjennskap til uformell tale samt vørdsamt og audmjukt språk. Studentane blir eksponerte for munnleg japansk gjennom lytteøvingar og bruk av multimedia.
  • har auka kulturell innsikt og kjennskap til daglegliv og skikkar.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan grammatikk, vokabular og om lag 200 nye kanji.
  • har trening i å skrive tekstar på japansk.

Generell kompetanse

Studenten

  • har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på høgare begynnarnivå.

har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 4.

Krav til forkunnskapar

Fullført JAP110 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Sjå "Krav til forkunnskaper"

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for JAP120 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med JAP111, JAP112, JAP103 eller JAP104.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i japansk

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar, gruppeundervisning samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.

Det er om lag 10 timar førelesing og 2 timar samtalegrupper i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette emnet har vekentlege oppgåver og jamnlege innleveringar og kunnskapsprøver. I løpet av semesteret vil det bli gitt tilsaman 42 innleveringsoppgåver og 6 kunnskapsprøver. I tillegg kjem ein munnleg test mot slutten av semesteret.

Alle desse oppgåvene og den munnlege testen må vere godkjende i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering.

Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappeevaluering. Alle dei 6 obligatoriske kunnskapsprøvane samt ein stil (essay) skal inngå i mappa.

Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for ei samla karaktersetjing.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum består av ei innføringsbok i japansk med tilhøyrande arbeidsbok og CD. Verket inneheld dialogtekstar, grammatikkutgreiingar, vokabular, øvingar og skriftteikn. Eit oppslagsverk i japansk grammatikk blir også nytta , samt ei lærebok/øvingsbok i skriftteikn. I tillegg kjem utvalde tekstar som blir utleverte på førelesingane.

Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    12.12.2022, 13:00
    Trekkfrist
    28.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen