Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Praktisk japansk 2

  • Studiepoeng20
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeJAP122
  • Talet på semester2
  • SpråkJapansk og norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.
Dei tre første undervisningsvekene går i vårsemesteret, dei resterande fem vekene går tidleg i haustsemesteret.

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning

Mål og innhald

Mål:
Emnet er oppretta for å gi eit tilbod til studentar som ikkje kunne dra på utveksling på grunn av korona-utbrotet i mars 2020, og har difor særleg fokus på ferdigheitstrening av den typen dei hadde fått på utveksling.

Emnet har som hovudmål å øve opp praktiske ferdigheiter i skriftleg og munnleg japansk, og å sette studenten i stand til å utrykkje seg og kommunisere om et gitt sett av utvalde tema innanfor norsk og japansk samfunnsliv og kultur.

Innhald:
Studiet tar opp diverse tema som resirkulering, kjønnsforskjellar, deltidsjobbing m.m. i norsk og japansk kontekst, samt språklege aspekt som relevant vokabular, grammatikk og eit fast tal skriftteikn knytt til temaa.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • skal få innblikk i ei rekke tema knytt til japansk samfunnsliv: resirkulering og loppemarknader, aitsuchi, kjønnsforskjellar i arbeidslivet, høfleg språk, fritidssyslar, jobbsøking, gåvekultur og reising
  • skal reflektere rundt temaa i norsk kontekst, med mål om å kunne snakke om dei på japansk

Ferdigheiter
Studenten

  • skal bli i stand til å halde munnlege presentasjonar om dei gitte temaa på japansk, samt skrive tekstar kring temaa.

Generell kompetanse
Studenten

  • skal praktisere og utvikle sine ferdigheiter i japansk og bli kjent med ulike sider ved japansk samfunnsliv og kultur, samt uttrykke seg skriftleg og munnleg om norske forhold.

Krav til forkunnskapar

JAP120

Tilrådde forkunnskapar

JAP121 er tilrådd

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til bachelorprogrammet i japansk.

Arbeids- og undervisningsformer

 Det vil bli gitt:

- to dobbeltførelesingar i veka i åtte veker
- to seminar i veka med munnlege presentasjonar i åtte veker
- to samtaletimar i veka i åtte veker
- 10-15 minuttar i veka med faste videoar i åtte veker

Undervisninga vil bli halden i Zoom, med mogelegheit for opptak. Noko av undervisninga kan bli asynkron.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Det skal skrivast ein stil og ein vekesrapport per veke

- Det skal haldast ein munnleg presentasjon per veke

- Det skal gjerast eit fast sett med digitale oppgåver kvar veke

- Det skal haldast ein kanjitest i løpet av kurset

Vurderingsformer

Emnet har mappeevaluering og ein munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Alle 8 stilane skal inngå i mappa.

Mappa tel 60 % og munnleg eksamen tel 40 % av den samla karakteren i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne i arbeidet med mappa.
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved munnleg eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum er kapittel 7 ¿ 10 i læreboka Hirai & Miwa: Chuukyuu e ikoo, 3A Network, samt kapittel 7-10 i Miura & McGloin: Intermediate Japanese, Japan Times.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Benedicte Irgens, Misuzu Shimotori, Harry Solvang (delt emneansvar)

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    09.09.2020
    • Eksamensdel: Mappevurdering

      Innleveringsfrist
      23.09.2020, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Dato
      25.09.2020, 09:00
      Varigheit
      5 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen