Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Introduksjon til journalistikk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ein introduksjon til journalistikk ved å fokusere på tre tilnærmingar til feltet:

1) Innføring i grunnleggande aspekt ved journalistrolla: journalistikken sitt samfunnsoppdrag, profesjonshistorie og etisk rammeverk.

2) Ein serie workshops der innsikt i visuell, auditiv og tekstuell analyse fungerer som introduksjon til praktisk og teknisk trening i grunnleggande nyheitsjournalistikk. Studentane får opplæring i digitale verktøy for stillbilde, video, lyd, redigering og publisering. Dei får ei første innføring i, og tilbakemeldingar på, idéutvikling, research og enkel nyheitsproduksjon for fleire plattformar.

3) Studentane blir også introduserte for dei mange mediebedriftene i Media City Bergen der dei lærer om aktuelle kontaktpunkt og moglege samarbeidsformer med redaksjonane i dei komande semestra.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om journalistikken si samfunnsrolle, profesjonshistorie, journalistrolla og nye etiske utfordringar i faget

Ferdigheiter:

Studenten

  • har grunnleggande ferdigheiter i nyheitsproduksjon gjennom relevant bruk av digitale verktøy for video, lyd, stillbilde, redigering og presentasjon på fleire plattformer
  • kan plassere seg sjølv, sine eigne mål og motivasjon for å studere journalistikk inn i dette landskapet

Generell kompetanse:

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan journalistikkfaget
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innanfor fagområdet journalistikk
  • kan planleggje og gjennomføre enkle nyheitsproduksjonar for fleire plattformar, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer

Studiepoengsreduksjon

INFOMEVI106 (10 sp)

Studentar som har fullført INFOMEVI106 får fritak frå JOU101, så lenge dei følgjer deler av den tekniske opplæringa. Dersom du har tatt INFOMEVI106 tidlegare, må du ta kontakt med studierettleiar.

Krav til studierett

Reservert for studentar på bachelorprogrammet i journalistikk

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og workshops

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • All undervisning er obligatorisk og inkluderer:
    • Opplæring i teknisk utstyr, programvare og foto (100% oppmøteplikt)
    • Annen undervisning (minimum 80% oppmøteplikt)
  • Innlevering og godkjenning av oppgåver i samband med workshops

Studentane vil få meir informasjon om obligatoriske aktivitetar og timeplan ved semesterstart.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Refleksjonsrapport basert på eigen produksjon

Karakterskala

Bestått/ikkje-bestått

Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Refleksjonsrapport

    Innleveringsfrist
    29.11.2019, 14:00
    Trekkfrist
    15.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen