Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Journalistikken sine metodar og verktøy

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeJOU102
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet bygger på MEPRO100 og JOU101, og har som mål å gi ei breddeinnføring i grunnleggande journalistiske metodar og verktøy med nyheitsjournalistikk som omdreiingspunkt.

Kurset er delt i fire modular der teoretisk og praktisk trening blir integrert. Hovudelement gjennom heile kurset er formatet nyheitsjournalistikk; intervjuteknikk og intervjuforståing, kjeldesøk og kjeldekritikk, redaksjonelle arbeidsprosessar og integrasjon av verbale, visuelle og numeriske element i løpande nyheitsdekning. Trening med ulike digitale verktøy står sentralt.

Modul 1 er ein serie workshops som gir teoretisk og praktisk trening i nyheitsjournalistikk; intervjuteknikk, idéutvikling, research og bruk av ulike digitale verktøy.

Modul 2 er ein intensiv periode der fokus er på trening i praktisk nyheitsproduksjon og publisering. Gjennom ein velutstyrt publikasjonsplattform på nett vil studenten trene på å lage nyheitssaker både i tekst, lyd, stillfoto, video, multimedieforteljingar og anna.

Modul 3 utviklar vidare dei analytiske, etiske og teknologiske innsiktene som er opparbeidde gjennom modul to. Modulen inneheld ein serie workshops der både teoretiske og praktiske dilemma knytte til metodar og teknologiske verktøy blir løfta fram og tatt opp til debatt frå ulike vinklar. Innsikt i samfunnsinstitusjonar, sosiale medium, offentleglova og personvern, samt journalistiske tilnærmingar til kvalitative og kvantitative data (databaser) er integrert i denne modulen.

Modul 4 fokuserer på teknologiforståing, digitaletikk og praktisk bruk av publiseringsverktøy, redigeringsverktøy og andre relevante verktøy for medieproduksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta enme ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskaper:

Studenten

  • kan analysere og drøfte styrker og svakheiter ved eige og andre sitt nyheitsstoff på basis av teori
  • kan drøfte etiske, analytiske, og teknologiske dilemma og argumentere for løysingar på basis av kunnskap om samfunnsinstitusjonar og nyheitsmediene sitt samfunnsoppdrag

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan skrive, fotografere, lage lyd- og videoinnslag og deske nyheitsstoff for nettpublisering
  • kan hente stoff frå ulike kjelder og utøve kontinuerleg kjeldekritikk
  • har kunnskap om store datamengder og databaser og kan bruke digitale verktøy til enkle analysar av ulike typar data
  • kan ta ansvar for utvikling og gjennomføring av eigne nyhetsidear innafor gitte tidsrammer
  • kan skilje nyheitsspråk frå andre journalistiske sjangrar både teoretisk og praktisk

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan forstå og bruke enkel statistikk i journalistisk arbeid
  • kan bidra til eit konstruktivt og positivt lærings- og samarbeidsklima i ein redaksjon
  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan journalistikkfaget
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innan fagområdet journalistikk

Krav til forkunnskapar

JOU101

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

Studentar som tidlegare har gjennomført emne frå det gamle bachelorprogrammet i journalistikk (BASV-JOURN), kan oppleva noko fagleg overlapp. Viss dette er tilfellet, må du ta kontakt med studiekonsulent i forkant av oppmelding, sånn at overlapp kan vurderast og eit tilrettelagt studieløp eventuelt kan leggjast opp. Korleis eit tilrettelagt studieløp kan sjå ut, kjem an på kva emne studenten har frå før.

Krav til studierett

Bachelorprogram i journalistikk

Arbeids- og undervisningsformer

  • Modul 1: Deltaking i ein serie workshops
  • Modul 2: førelesingar, redaksjonsmøte og tilbakemeldingar
  • Modul 3: førelesingar, gruppearbeid, og diskusjonsopplegg
  • Modul 4: workshop om publiseringsverktøy, bilderedigeringsverktøy og andre verktøy relevante for medieproduksjon

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og inkluderer:

  • Deltaking i førelesing og workshops
  • Innlevering av oppgåver
  • Produksjon av nyheitssaker

Studentane vil få meir informasjon om obligatoriske aktivitetar og timeplan ved semesterstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing

Vurderingsformer

Mappevurdering

Mappa skal innehalda følgjande:

  • Oppgåve om nyhendeanalyse
  • Tre sjølv-valde artiklar frå internpraksis i nyhendejournalistikk
  • Refleksjonsnotat basert på internpraksis i nyhendejournalistikk
  • Refleksjonsnotat i etikk
  • Oppgåve i metode
  • Refleksjonsnotat om eigenutvikling gjennom kurset

Arbeida skal vere individuelle.

Ved karaktersetjing blir det gjort ein heilskapleg vurdering av mappa.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt