Podkast, dokumentar og historieforteljing

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å føre dei metodiske, analytiske og teknologiske perspektiva frå JOU102 vidare. Omdreiingspunkt for utforskinga er no særleg dokumentar på ulike plattformar. Journalistikken sine former opnar for analytisk djupnekunnskap, profesjonsretta refleksjon og praktisk trening i journalistisk historiefortelling i både tekst, lyd, stillbilde og video. Det blir lagt særleg vekt på å utvikle vidare innsikt i samspelet mellom ulike mediale uttrykk. .

Modul 1 er ein opningsworkshop som gir grunnleggande innsikter i dramaturgi, framdrift, verkemiddel, fortellingsperspektiv. Den kan til dømes vere basert på lyd (podkast), men også andre plattformer kan vera aktuelle.

Modul 2 gir grunnleggande innsikt i sentrale element ved reportasje/dokumentar som sjanger, uavhengig av plattform. Gjennom ein serie seminar og workshops blir det arbeidd med ulike forteljande tilnærmingar og korleis dei kan optimaliserast gjennom ulike verkemiddel på den einskilde plattforma. Innsikt i aspekt ved nærleik til miljø, personar og prosessar står sentralt. Studenten gjer oppgåver knytte til workshops om dokumentaren sine former. Etiske refleksjonar og dilemma er ein integrert del av modulen.

Modul 3 gir høve til spesialisering i dokumentar på valfri plattform. Avhengig av lærekrefter og aktuelle tema i samfunnsdebatten, vil ein i denne modulen gå djupare inn i aspekt ved til dømes kriminaljournalistikk, helse, økonomi, sport, kultur, innovasjon, miljø eller kjønn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta enme ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om, og ferdigheiter i, ulike former for reportasje/dokumentar der spesielle verkemiddel på dei einskilde plattformene blir brukte
  • har god innsikt i grunnleggande prinsipp for historiefortelling

Ferdigheiter:

Studenten

  • demonstrerer kompetanse på dokumentariske tilnærmingar innafor eit nærmare spesifisert felt av journalistikken

Generell kompetanse:

Studenten

  • har innsikt i og kan reflektere rundt etiske retningslinjer og dilemma knytt til teknologiforståing og oppøving av digitale ferdigheiter innan journalistikk
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innafor fagområdet journalistikk

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
JOU100/JOU101, JOU102
Tilrådde forkunnskapar
MEPRO100
Studiepoengsreduksjon
Studentar som tidlegare har gjennomført emne frå det gamle bachelorprogrammet i journalistikk (BASV-JOURN), kan oppleva noko fagleg overlapp. Viss dette er tilfellet, må du ta kontakt med studiekonsulent i forkant av oppmelding, sånn at overlapp kan vurderast og eit tilrettelagt studieløp eventuelt kan leggjast opp. Korleis eit tilrettelagt studieløp kan sjå ut, kjem an på kva emne studenten har frå før.
Krav til studierett
Bachelorprogram i journalistikk (BASV-JOU)
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, workshops og rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • All undervisning er obligatorisk og inkluderer deltaking i førelesing og workshops
  • Obligatoriske oppgåver
  • Studentane vil få meir informasjon om obligatoriske aktivitetar ved semesterstart.

    Dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

    Godkjende obligatoriske arbeidskrav er kun gyldige i undervisningssemesteret.

    Vurderingsformer

    Eksamensoppgåve: reportasje og metoderapport

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.