Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Journalistisk praksis

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane gjennom to separate, lengre praksisperiodar skal bli trygge på utfordringar dei møter i den verkelege journalistiske verda, og at dei skal ha rom og tid til å reflektere over det dei erfarer på vegen.

Semestret blir innleidd med ei intensiv rekke seminar/workshops for studentar og deira praksisrettleiarar. Her diskuterer og reflekterer deltakarane over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innafor gitte rammer. Deretter går studentane ut i praksis primært hos bedrifter i Media City Bergen, men potensielt også hos andre mediebedrifter. Praksisperioden er delt i to, der kvar periode varer i åtte veker. Praksis bør primært gjennomførast i to ulike bedrifter, subsidiært på to ulike felt i same bedrift. Begge praksisperiodane blir avslutta med ein kort praksisrapport.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • skal bli trygg på utfordringar ho/han møter i den verkelege journalistiske verda
  • kan diskutere og reflektere over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innafor gitte rammer

Ferdigheiter

Studenten

  • evner å gjere sjølvstendige journalistiske vurderingar i ulike kontekstar
  • kan nytte ulike typar digitale verktøy på relevante journalistiske vis
  • kan reflektere kritisk rundt bruken av ny teknologi i journalistikk og sentrale dilemma dette kan føre med seg
  • kan arbeide med ulike typar stoff og på ulike plattformar i ulike typar redaksjonar

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan journalistikk faget
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innafor fagfeltet journalistikk og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosesser innan journalistikkfaget

Krav til forkunnskapar

JOU101, JOU102 og JOU103

Studiepoengsreduksjon

MEVI261 (10 sp)

Krav til studierett

Bachelorprogram i journalistikk (BASV-JOU)

Arbeids- og undervisningsformer

  • Workshops
  • Ekstern praksis 2 x 8 veker
  • Skriving av praksisrapportar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på opningsseminar og midtvegs-workshop
  • Gjennomføring av praksis i mediebedrift i samsvar med dei avtalane som er inngåtte.

Vurderingsformer

To praksisrapportar

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Praksisrapportar (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    28.11.2020
    • Eksamensdel: Praksisrapport 1

      Innleveringsfrist
      12.10.2020, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Praksisrapport 2

      Innleveringsfrist
      14.12.2020, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen