Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Journalistikkens praksis

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeJOU202
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane gjennom ein lengre praksisperiode skal bli tryggare på utfordringar dei møter i den verkelege journalistiske verda, og at dei skal ha rom og tid til å reflektere over det dei erfarer på vegen.

Kurset blir innleia med eit praksisførebuande seminar. Seminaret er todelt: Det tar på den eine sida føre seg konkrete tema og utfordringar studentane møter i praksis, gjerne presentert av representantar frå eksterne redaksjonar. På den andre sida diskuterer og reflekterer studentane, saman med faglærar, over korleis den kunnskapen dei har tileigna seg tidlegare i studiet no skal kunna bli nyttig i ekstern praksis. Etter seminaret går studentane ut i praksis primært hos bedrifter i Media City Bergen, men potensielt også hos andre mediebedrifter eller på eigen, intern publiseringsplattform. Praksisperioden er på 8 åtte veker. Den blir avslutta med ein kort praksisrapport der studentane reflekterer over eiga læring i perioden.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten ¿ skal bli tryggare på utfordringar ho/han møter i den verkelege journalistiske verda

Ferdigheiter

Studenten ¿ evnar å gjere sjølvstendige journalistiske vurderingar i ulike kontekstar ¿ kan nytte ulike typar digitale verktøy på relevante journalistiske vis ¿ kan arbeide med ulike typar stoff og på ulike plattformar i ulike typar redaksjonar ¿ kan diskutere og reflektere over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innanfor gitte rammer

Generelle kompetanse

Studenten ¿ har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan journalistikkfaget ¿ kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innanfor fagfeltet journalistikk og såleis bidra til å utvikle god praksis ¿ kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan journalistikkfaget

Krav til forkunnskapar

JOU100, JOU102, JOU103

Studiepoengsreduksjon

¿ MEVI261 (10 stp) ¿ JOU201 (15 stp)

Krav til studierett

Bachelorprogram i journalistikk

Arbeids- og undervisningsformer

¿ Seminar ¿ Ekstern praksis på 8 veker ¿ Skriving av praksisrapport

Obligatorisk undervisningsaktivitet

¿ Deltaking på opningsseminar ¿ Gjennomføring av praksis i mediebedrift i samsvar med dei avtalane som er inngåtte.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Vurderingsformer

Praksisrapport på 1500-2000 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

--

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet