Journalistikkens praksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane gjennom ein lengre praksisperiode skal bli tryggare på utfordringar dei møter i den verkelege journalistiske verda, og at dei skal ha rom og tid til å reflektere over det dei erfarer på vegen.

Kurset blir innleia med eit praksisførebuande seminar. Seminaret er todelt: Det tar på den eine sida føre seg konkrete tema og utfordringar studentane møter i praksis, gjerne presentert av representantar frå eksterne redaksjonar. På den andre sida diskuterer og reflekterer studentane, saman med faglærar, over korleis den kunnskapen dei har tileigna seg tidlegare i studiet no skal kunna bli nyttig i ekstern praksis. Etter seminaret går studentane ut i praksis primært hos bedrifter i Media City Bergen, men potensielt også hos andre mediebedrifter eller på eigen, intern publiseringsplattform. Praksisperioden er på 8 åtte veker. Den blir avslutta med ein kort praksisrapport der studentane reflekterer over eiga læring i perioden.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • skal bli tryggare på utfordringar ho/han møter i den verkelege journalistiske verda

Ferdigheiter

Studenten

  • evnar å gjere sjølvstendige journalistiske vurderingar i ulike kontekstar
  • kan nytte ulike typar digitale verktøy på relevante journalistiske vis
  • kan arbeide med ulike typar stoff og på ulike plattformar i ulike typar redaksjonar
  • kan diskutere og reflektere over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innanfor gitte rammer

Generelle kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan journalistikkfaget
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innanfor fagfeltet journalistikk og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan journalistikkfaget

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
  • MEVI261 (10 stp)
  • JOU201 (15 stp)
  • Krav til studierett
    Bachelorprogram i journalistikk
    Arbeids- og undervisningsformer
  • Seminar
  • Ekstern praksis på 8 veker
  • Skriving av praksisrapport
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på opningsseminar
  • Gjennomføring av praksis i mediebedrift i samsvar med dei avtalane som er inngåtte.
  • Dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

    Vurderingsformer

    Praksisrapport på 1500-2000 ord. Rapporten skal både leverast skriftleg og presenterast munnleg.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Bestått / ikkje bestått
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret. 
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet