Bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med dette emnet er å auke studentane sin analytiske kompetanse og deira profesjonsorienterte ferdigheiter gjennom ei innleiande seminarrekke om likskapar og skilnader i journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, og korleis det eine kan komplimentere det andre. Kjeldesøk, kjeldekritikk og etiske problemstillingar vil bli drøfta. I tillegg kan det bli gitt tilbod om aktuelle, faglege workshops som grunnlag for idéar til deloppgåvene.

Deretter skal studentane gjere ei todelt bacheloroppgåve: ei analytisk basert på ei empirisk undersøking eller på samanliknande drøfting av teori, og ein større journalistisk produksjon med ein analytisk fokusert produksjonsrapport. Den praktiske delen kan også byggje på eit journalistisk produkt som er gjort/publisert av studenten tidlegare. Då vil krava til analytisk djupne i produksjonsrappporten bli tilsvarande høgare.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om sentrale likskapar og skilnader mellom journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativt og kvantitativt
  • har brei kunnskap om korleis ulike analoge og digitale verktøy kan nyttast for å samle inn, analysere og visualisere ulike typer data på ulike plattformer
  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, historie, problemstillingar, prosessar, og verktøy innafor fagområdet journalistikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke teoretisk og metodisk innsikt til å utvikle og gjennomføre eit vitskapleg forskingsdesign eller ein større produksjon med refleksjonsrapport
  • kan reflektere analytisk og prosessuelt over eigne prosjektdesign og gjennomføringa av desse

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre journalistisk arbeid aleine eller i gruppe, over kortare eller lengre tid og på fleire plattformar og i tråd med yrkesetiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff og reflektere skriftleg og munnleg over eigne journalistiske tilnærmingar
  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kan bruke kvalifisert journalistisk skjønn
  • kan bruke den journalistiske kompetansen til å søke etter, og formidle, ny kunnskap i ulike fysiske og digitale kontekstar
  • kjenner til nytenking og innovasjon innan fagområdet og kan nyttiggjere seg dette

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
JOU101, JOU102, JOU103 og JOU201
Tilrådde forkunnskapar
MEPRO100
Studiepoengsreduksjon
  • MEVI260 (10 sp)
  • MEVI265 (30 sp)
  • Krav til studierett
    Bachelorprogram i journalistikk (BASV-JOU)
    Arbeids- og undervisningsformer
    Seminar og rettleiing
    Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i teori- og metodeseminar
  • Rettleiing i samband med bacheloroppgåva
  • Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

    Vurderingsformer

    Bacheloroppgåve: ei todelt oppgåve: ei analytisk basert på ei empirisk undersøking eller på samanliknande drøfting av teori, og ein større journalistisk produksjon med ein analytisk fokusert produksjonsrapport. Kvar del tel 50% av den samla karakteren.

    Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.