Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i forvaltningsrett for sakshandsamarar i kommunal sektor

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeJUR605
  • Talet på semester1
  • SpråkUndervisning og hovedlitteratur: norsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Videreutdanning, lavere grad

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

UiB og nettbasert

Mål og innhald

Kurset gjev ei innføring i forvaltningsrett med vekt på løysing av praktiske problemstillingar i den kommunale forvaltninga. Fokus blir retta mot hovudreglar og dei viktigaste unntaksreglane i forvaltningslova om inhabilitet, plikt til å utgreie saka, partane sin rett til varsel og til å få uttale seg, retten til dokumentinnsyn etter forvaltningslova og offentleglova, krava til skriftleg utforming av vedtaket, klage over forvaltningsvedtak og omgjering utanfor klagesak.

Relevante særreglar i kommunelova vil bli trekt inn, mellom anna om delegasjon, i tillegg til utvalde emne frå den ulovfeste forvaltningsretten som kravet om heimel ¿ under dette forholdet mellom lov og interne reglar ¿, forvaltningsskjønn, krav til likehandsaming, forholdsmessigheit og saklegheit.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter at kurset er gjennomført skal studentane ha

  • grunnleggjande kjennskap til måten forvaltningsretten er bygt opp på, herunder sentrale omgrep og omsyn og forholdet mellom lov, forskrift og interne instruksar og reglement,
  • grunnleggjande kjennskap til reglane for organisering av den kommunale verksemda,
  • kunnskap om dei viktigaste føresegnene om følgjande tema:
    • Verkeområdet til forvaltningslova og offentleglova.
    • Omgrepa enkeltvedtak, vedtak og forskrift, herunder når det føreligg ei plikt til å fatte vedtak.
    • Inhabilitet
    • Teieplikt
    • Rettleiingsplikt
    • Plikta til å utgreie saka
    • Partane sin rett til varsel og til å få uttale seg
    • Retten til dokumentinnsyn etter forvaltningslova og offentleglova
    • Krava til skriftleg utforming av vedtaket med vekt på korleis ein kan skrive eller kjenne att eit godt vedtak
    • Klage over forvaltningsvedtak
    • Omgjering utanfor klagesak
    • Kravet om heimel
    • Delegasjon etter kommunelova
    • Den kommunale skjønnfridomen og grensene for denne: under dette krava om likskap, forholdsmessigheit og saklegheit
    • Verknadene av at det blir gjort feil

Ferdigheiter

Etter at kurset er gjennomført skal studentane:

  • kunne drøfte rettsspørsmål på ein måte som er i samsvar med grunnleggjande juridisk metode
  • kunne finne fram til og løyse praktiske forvaltningsrettslege problemstillingar med utgangspunkt iføresegnene som er omfatta av kunnskapsmåla.

Krav til forkunnskapar

Opptak til emnet

Tilrådde forkunnskapar

Studentane må ha tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje undervisninga / lese norsk pensumlitteratur. Eit minimum av praksis innan offentleg forvaltning/sakshandsaming.

Krav til studierett

Det vert gjennomført særskild opptak til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og oppgåveløysing i grupper (om lag 26 timar totalt), personleg rettleiing etter behov og obligatorisk heimeoppgåve. Det blir lagt vinn på å bruke oppgåver og oppgåvetypar som er relevante for deltakarane: under dette skriving av forvaltningsvedtak og refleksjon over nytten av kurset for konkrete utfordringar i eiga verksemd.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppgave: Godkjend obligatorisk heimeoppgåve. Studentar som får oppgåva underkjent, får høve til å levere den éin gong til. Godkjend oppgåve er vilkår for å gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Seks timars heimeeksamen. Studentar som har gyldig forfall til eksamen eller stryk får tilbod om kontinuasjonseksamen.

Eksamensspråk

Oppgåva: norsk.

Oppgåvesvaret: norsk / skandinaviske språk / engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikke aktuelt for emnet grunnet vurderingsform hjemmeeksamen.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Litteraturlisten vil være klar innen 1. juni for høstsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert etter kvar gjennomføring.

Programansvarleg

Studieutvalget ved det juridiske fakultet

Emneansvarleg

Emneansvarleg: professor Bjørn Henning Østenstad

Undervisarar:

  • Professor Bjørn Henning Østenstad
  • ...
  • ...

Administrativt ansvarleg

Robert Stavenes

Eksamensinformasjon