Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Norske og internasjonale rettslege institusjonar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

17 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

BA-nivå

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Undervisningen starter i slutten av høstsemesteret, hovedtyngden av kurset går i vårsemesteret

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Læringsutbyte

Kurset handlar om dei viktigaste rettslege institusjonane, nasjonalt og internasjonalt. Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for det dynamiske samspelet mellom statsmaktene og mellom nasjonal og internasjonal rett og korleis dette verkar inn på utforminga av og tolkinga av retten. Ein skal også kunna reflektera over samspelet mellom makt, politikk og rett.

Studentane skal både i skriftleg og munnleg form kunna drøfta teoretiske og praktiske rettsspørsmål innanfor føljande emneområde:

1) Eit hovudemne er dei grunnleggjande norske rettsreglane om staten og dei sentrale statsmaktene.

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for forholdet mellom statsmaktene og dei konstitusjonelle prinsippa som regulerer dette, særleg parlamentarismen. På denne bakgrunnen skal ein kunna gjera greie for rettskjeldene i statsforfatningsretten og bruka desse på ein metodisk medviten måte.

Studentane skal særleg kunna gjera greie for og ta stilling til rettsspørsmål som gjeld:

  • Stortinget sin kompetanse når det gjeld lovgiving, løyvingar og skattlegging.
  • Regjeringa sine oppgåver og generelle kompetanse, samt regjeringa sin særlege kompetanse når det gjeld utanriksstyre.
  • Prinsippet om domstolane si uavhengige stilling.

2) Eit anna hovudemne er reglane i folkeretten om forholdet mellom statar og om mellomstatlege organisasjonar.

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for og gjera bruk av dei viktigaste rettskjeldene i folkeretten. Studentane skal også kunna gjera greie for hovudprinsippa for folkeretten si stilling i norsk rett, og kunna bruka desse i rettsleg problemløysing.

Studentane skal særleg kunna gjera greie for og ta stilling til rettsspørsmål som gjeld:

  • Kva som kjenneteiknar ein stat og reglane om statsterritorium og jurisdiksjon.
  • Reglane om inngåing og tolking av traktatar
  • Reglane om statleg maktbruk og intervensjon.
  • Tvisteløysing ved den internasjonale domstolen.
  • Dei føremåla og prinsippa som FN byggjer på, samt kompetansen til Tryggingsrådet.

3) Eit tredje hovudemne er dei rettslege institusjonane og regeldanninga innanfor den europeiske unionen (EU) og det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS).

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for det folkerettslege grunnlaget for EU-samarbeidet og dei sentrale EU-institusjonane sine oppgåver og kompetanse. Dei skal også kunna gjera greie for lovgivingsprosessene innanfor EU.

Studentane skal vidare kunna gjera greie for hovudtrekka ved EØS-avtalen og institusjonane innanfor EØS-samarbeidet. Dei skal også kunna gjera greie for lovgivingsprosessen innanfor EØS, fram til EU-reglar vert ein del av norsk rett, og visa kjennskap til overvakingssystemet innanfor EØS.

Krav til forkunnskapar

Emner på tidligere studieår, se likevel Utfyllende regler for studier ved det juridiske fakultet § 2-5 nr. 1 andre punktum

Tilrådde forkunnskapar

Alle tidligere emner i studiet

Studiepoengsreduksjon

Ingen overlapp med emner ved Det juridiske fakultet

Krav til studierett

MAJUR

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger, storgrupper, arbeidsgrupper og selvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Gruppemøter, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i ¿Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse.¿

2. For alle skriftlege arbeid som skal reknas med i obligatoriske arbeidskrav, gjeld at heile oppgåva skal svarast på og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsett i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».

Ordgrensa for arbeidsgruppeoppgåver er 1500 ord inkludert fotnoter og sluttnoter. Grensa er absolutt.

3 .Kvar student skal på eit storgruppemøte delta med ein munnleg presentasjon av ei oppgåve (vanlegvis gruppearbeid). Dette er ein føresetnad for å kunna gå opp til den avsluttande prøven.


4. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje gjentakast før ved neste kurs.

5. Kursgodkjenning vert ikkje forelda.

Vurderingsformer

Obligatoriske undervisningsaktiviteter er vilkår for å gå opp til eksamen, og inngår følgelig i sertifiseringsgrunnlaget.

Etter kurset vert det avlagt ein heimeeksamen. Oppgåvene skal leverast ekektronisk via Inspera. Ordgrensa er sett til 5000 ord.

Eksamensspråk

Oppgaven: Norsk

Besvarelsen: Norsk/skandinavisk/engelsk

Hjelpemiddel til eksamen

Ikke aktuelt for emnet på grunn av vurderingsform hjemmeeksamen.

Karakterskala

A til E for bestått og F for ikke bestått.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

 Litteraturlisten vil være klar innen 1. juni for høstsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

Programansvarleg

Studieutvalget ved det juridiske fakultet

Emneansvarleg

Professor Christian Franklin

Administrativt ansvarleg

Studieadministrasjonen ved Det juridiske fakultet

Eksamensinformasjon