Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Forvaltingsrett II

  • Studiepoeng17
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeJUS123
  • Talet på semester1
  • SpråkHoveddelen av litteratur og undervisning vil være på norsk. Større eller mindre innslag av andre skandinaviske språk og/eller engelsk må påregnes.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

Forvaltningsrett er rettsreglane om organisering, ansvarsforhold og vedtakskompetanse i offentleg forvaltning, og om dei rettar og plikter borgarane har overfor forvaltninga. Offentleg forvaltning omfattar både organ for stat og kommune, samt private som treff avgjerd på vegne av det offentlege om rettar og plikter for borgarane. Konkret kan dette vere kollegiale organ, som kommunestyre eller styret ved Universitetet i Bergen, eller administrative organ som rådmannen i ein kommune, fylkesmannen og departementa. Stortinget og domstolane er offentlege organ, men ikkje ein del av forvaltninga.

Tema for universitetsfaget forvaltningsrett, er dei generelle reglane som gjeld for heile den offentlege forvaltninga eller dei største og mest sentrale delane av denne det som også blir kalla allmenn forvaltningsrett. Ved Universitetet i Bergen er studiet av forvaltningsretten delt i to. Forvaltningsrett I (jus 111) tek først og fremst sikte på å gje grundig kjennskap til reglane om forvaltninga si sakshandsaming nedfelt i forvaltningslova. I tillegg gjev Forvaltningsrett I ei innføring i hovudtrekka i den allmenne forvaltningsretten elles. Forvaltningsrett II (jus 123) byggjer vidare på dette, og tek sikte på å gje studentane ein meir inngåande kunnskap i dei personelle og materielle kompetansespørsmål, samt verknadene av kompetansesvikt. I del II blir også teke opp enkelte emne frå den spesielle forvaltningsrett som er eigna til å illustrere prinsipielle spørsmål.

Læringsutbyte

Etter at kurset i Forvaltningsrett II er gjennomført, skal studentane som læringsutbyte ha grundig kunnskap om følgjande:

  • Dei særlege metodiske problemstillingane som den allmenne forvaltningsretten reiser.
  • Det juridiske kompetanseomgrepet, herunder forholdet mellom ulike typar kompetanse.
  • Personelle kompetansespørsmål, mellom anna delegasjon.
  • Kravet om heimel (materiell kompetanse) i forvaltningsretten, særleg om når heimel i formell lov trengst, og i den samanheng innhald og utstrekning av det tradisjonelle norske legalitetsprinsippet. Det blir forventa kjennskap til hovudelementa i det EMK-rettslege heimelskravet.
  • Spørsmålet om forholdsmessigheit (proporsjonalitet) som skranke for forvaltninga si utøving av kompetanse, både ut frå tradisjonelle norske rettskjelder, EU-/EØS-retten og EMK-retten.
  • Skiljet mellom rettsbruksskjønn og forvaltningsskjønn, inklusive forholdet mellom desse omgrepa og domstolskontrollen, samt dei rettslege skrankane som gjeld ved forvaltningsskjønn.
  • Forvaltninga sin kompetanse til å stille vilkår for vedtak, avtalekompetanse og kompetanse til førehandsbinding (av kompetanse).
  • Dei rettslege konsekvensane av kompetansesvikt, særleg om når eit vedtak blir ugyldig.
  • Utvalde problemstillingar frå høvesvis miljøretten og helse- og sosialretten, med vekt på korleis desse emna frå den spesielle forvaltningsrett samspelar med dei allmenne forvaltningsrettslege prinsippa.

Etter at kurset i Forvaltningsrett II er gjennomført, skal studentane som læringsutbyte ha tileigna seg følgjande ferdigheiter:

  • Bruk av allmenne forvaltningsrettslege prinsipp i analysen av problemstillingar frå ulike greiner av ei mangslungen offentleg forvaltning, også med utspring i sektorlovgjeving eller faktiske problemstillingar som ikkje har vorte fokusert uttrykkjeleg under kurset.
  • Kunne innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere problemstillingar og samanhengar og kunne føreta ein sjølvstendig analyse ut frå eit samansett rettskjeldebilete.
  • Kunne vurdere kritisk godleiken av element i den ulovfeste forvaltningsretten ut frå grunnleggjande verdiar som rettstryggleik.

Etter at kurset i Forvaltningsrett II er gjennomført, skal studentane som læringsutbyte ha styrkt sin generelle kompetanse til å

  • tileigne seg ny kunnskap om juridiske emne,
  • systematisere og analysere eit komplekst rettsleg materiale, også med utspring i kjelder ein ikkje har kjennskap til eksistensen av frå før,
  • formidle juridisk analyse, gje råd og ta standpunkt,
  • presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar, både skriftleg og munnleg,
  • arbeide sjølvstendig og i grupper.


Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger, storgrupper, arbeidsgrupper og selvstudium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Gruppemøter, oppgaveskriving og kommentering er obligatorisk. Utregningen av deltakelsen blir gjort som fastsatt i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".

2. For alle skriftlige arbeider som skal regnes med i obligatoriske arbeidskrav, skal hele oppgaven besvares og besvarelsen må fylle de kvalitative og kvantitative minstekravene som er fastsatt i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».

Ordgrensen for arbeidsgruppeoppgaver er 1500 ord. Grensen er absolutt.

3. I løpet av kurset skal en obligatorisk oppgave besvares og leveres inn. Tidsrammen kunngjøres i kurset. Besvarelsen skal være innenfor en på forhånd fastsatt ordgrense, og den må være godkjent før studenten kan avlegge avsluttende eksamen.

4. Underkjente elementer i de obligatoriske arbeidskravene kan ikke gjentas før ved neste kurs.

5. Kursgodkjenning foreldes ikke.

Vurderingsformer

Obligatoriske undervisningsaktiviteter er vilkår for å gå opp til eksamen, og inngår følgelig i sertifiseringsgrunnlaget.

Etter kurset avlegges 6 timers digital skoleeksamen med absolutt ordgrense på 4 000 ord. En lavere, anbefalt ordgrense vil bli gjort kjent i tilknytning til hver eksamen.

Informasjon om digital eksamen finner du her: http://www.uib.no/utdanning/86719/digital-eksamen#.

Eksamensspråk

Oppgaven: Norsk

Besvarelsen: Norsk/skandinavisk/engelsk

Hjelpemiddel til eksamen

Informasjon om tillatte hjelpemidler finnes under § 3-5 flg i fakultetets utfyllende regler .

I dette emnet er det ingen ekstra hjelpemidler.

Karakterskala

A til E for bestått og F for ikke bestått.

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig: Professor Bjørn-Henning Østenstad

Administrativt ansvarlig: 2.studiear@jurfa.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    07.08.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    24.07.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted