Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Tingsrett

  • Studiepoeng13
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeJUS124
  • Talet på semester1
  • SpråkHoveddelen av litteratur og undervisning vil være på norsk. Større eller mindre innslag av andre skandinaviske språk og/eller engelsk må påregnes.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

Rettsdisiplinen tingsrett gjeld råderetten over fysiske ting, det vil seia fast eigedom og lausøyre, i kraft av eigedomsrett og avgrensa rettar til fysiske ting (fast eigedom og lausøyre). Råderetten over fysiske ting kan vera avgrensa av offentlegrettslege reglar og av privatrettslege reglar som avgrensar eigaren sin råderett. Viktige offentlegrettslege reglar kan vera plan- og bygningsreglar, forureiningslov m.m. medan avgrensinga i høve til andre private partar særleg fylgjer av reglane om allemannsrett og grannerettsreglar. Internasjonale reglar, under dette Den europeiske menneskerettserklæringa (EMK), set grenser for lovgivar og forvaltning sine inngrep i eigedomsretten. Miljørettslege prinsipp som prinsippet om berekraftig utvikling eller om bruk av best mogeleg teknologi, vil også kunne påverka innhaldet i private rettar til ting.

Eigedomsretten til fysiske ting omfattar all utnytting som ikkje er i strid med lovgjevinga eller med ulovfesta reglar eller rettsprinsipp, eller kolliderer med serlege rettar som andre enn eigaren har til tingen. Det rådveldet eigedomsretten gjev, kan vera delt mellom fleire rettshavarar, ved at nokon har bruksrett eller ein særleg råderett (servitutt) til ein eigedom som tilhøyrer andre. Rettshøvet mellom rettshavaren og eigaren i slike tilhøve er eit sentralt spørsmål i faget. Det same gjeldt tilfelle der eigedomsretten er delt mellom fleire personar som dermed er sameigarar til tingen. Sameigarane sine rettar overfor kvarandre er også ein viktig del av faget.

Faget tingsrett på 2. studieår omfattar vidare dei mest sentrale privatrettslege reglane om innhald og rekkjevidda av retten til tinga. Ein tek opp eigedomsrettsomgrepet, reglane om avgrensing og identifisering av ting som rettsobjekt, herunder grensene for fast eigedom mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett og mot andre faste eigedomar og hovudpunkta i reglane om registrering av fast eigedom og lausøyre.

Einskilde stiftingsmåtar for retten til ting, vert også tekne opp i tingsrettsfaget. Stifting av rettar til ting ved kontrakt blir ikkje teke opp så langt det gjeld spørsmålet om når partane får plikter overfor kvarandre og sjølve oppfyllinga av kontrakten. Dei meir særskilte stiftingsmåtane for rettar til ting som hevd eller alders tids bruk, okkupasjon, produksjon eller samanblanding av ting er det derimot mest naturleg å ta opp i tingsretten. Det same gjeld jordskifte og lokale sedvanar som rettsgrunnlag.

Læringsutbyte

KUNNSKAP

Studenten har kunnskap og forståing av grunnleggande reglar som gjeld råderetten over fysiske ting, det vil seia fast eigedom og lausøyre, i kraft av eigedomsrett og avgrensa rettar til fysiske ting (fast eigedom og lausøyre). Studenten har kunnskap og forståing for korleis eigedomsretten må avgrensast i høve til offentleg rettslege reglar og andre private rettar. Dette inneber kunnskap om:

  • Grunnlova § 112 og Grunnlova § 105, miljørettslege prinsipp, vern av eigedomsretten, offentleg arealplanar og oreigning
  • internasjonale konvensjonar og særleg EMK Protokoll nr. 1 (P 1-1)
  • reglane om allemannsrett
  • reglane som gjeld grenser for eigarrådvelde i høve til granneeigedom, sameige og om serlege råderettar til ting
  • reglane som gjeld avgrensing og identifisering av ting og grenser for fast eigedom mot andre eigedommar og mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett (som sjøområde, eigarlaust midtstykke i innsjøar og undergrunnen)
  • hovudpunkta i reglane om registrering av fast eigedom og lausøyre
  • reglane som gjeld stifting av rettar til ting ved hevd eller alder tids bruk

 

FERDIGHETER

Studenten kan bruke juridisk metode og lovfeste og ulovfeste reglar (under dette sedvane) i tingsretten for å lage sjølvstendige drøftingar. Dette inneber:

  • å innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere problemstillingar og samanhengar
  • å foreta ei sjølvstendig analyse av tingsrettslege problemstillingar på grunnlag av eit
  • samansett rettskjeldebilete
  • å gjere greie for balanseringa av omsynet til privat eigedomsrett og omsynet til andre aktuelle interesser
  • å resonnere seg fram til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaringar av underliggande rettslege og samsfunnsmessige verdiar, og spenningar mellom ulike type gyldige argument

 

GENERELL KOMPETANSE

Gjennom studieprogrammet oppnår studenten generelt kompetanse til å:

  • tileigne seg ny kunnskap på fagfeltet og i tilgrensande fag
  • systematisere og vega argumentasjon, formidle juridiske analyse og konklusjon, gi råd og treffe val
  • identifisere og ta konsekvensar av etiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt
  • presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar for større og mindre grupper
  • arbeide sjølvstendig og i grupper

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger, storgrupper, arbeidsgrupper og selvstudium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Forelesningar, storgrupper, arbeidsgrupper og sjøvstudium. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".

2. For alle skriftlege arbeid som skal reknas med i obligatoriske arbeidskrav, gjeld at heile oppgåva skal svarast på og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsett i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».

Ordgrensen for arbeidsgruppeoppgaver er 1500 ord. Grensa er absolutt.

3. I løpet av kurset skal ei obligatorisk oppgåve svarast på og leverast inn. Tidsramma vert gjort kjend i kurset. Oppgåvesvaret skal være innanfor ei på førehand fastsett ordgrense, og den må være godkjend før studenten kan avleggja avsluttande eksamen.

4. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje takast omatt før ved neste kurs.

5. Kursgodkjenning vert ikkje forelda. 

Vurderingsformer

Obligatoriske undervisningsaktiviteter er vilkår for å gå opp til eksamen, og inngår følgelig i sertifiseringsgrunnlaget.

 

Det skal avlegges ein 6 timers digital skuleeksamen. Informasjon om digital eksamen finn du her: http://www.uib.no/utdanning/86719/digital-eksamen#.

Eksamensspråk

Oppgåva: Norsk

Oppgåvesvaret: Norsk/skandinavisk/engelsk

Hjelpemiddel til eksamen

Informasjon om tillatte hjelpemidler finnes under § 3-5 flg i fakultetets utfyllende regler .

I dette emnet er det ingen ekstra hjelpemidler.

Karakterskala

A til E for bestått og F for ikke bestått.

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig: Professor Ingunn Elise Myklebust og professor Ernst Nordtveit

Administrativt ansvarlig: 2.studiear@jurfa.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    08.08.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    25.07.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted
  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    11.12.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    27.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen