Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Tings- og immaterialrett

  • Studiepoeng14
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeJUS214
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

14 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

BA - Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet gjeld reglar som gjeld retten til å råda over viktige økonomiske gode, som fysiske ting (naturressursar, fast eigedom og lausøyre) og immaterielle gode (opphavsrett, patentrett og varemerkerett). Slike verdiar er fordelte mellom rettssubjekta ved rettar som kan gjerast gjeldande mot andre rettssubjekt og gjev einerett til heil eller delvis utnytting eller rettsleg disponering.

Eigedomsretten og avgrensa rettar til ting og rettar til immaterielle gode, gjeld fordelinga av og utnyttinga av verdiane i samfunnet og har såleis ein viktig samfunnsmessige funksjon som grunnlag for det økonomiske systemet (marknadssystem, kredittsystem m.m.), for forvalting av naturressursar, for klima og miljø og som insentiv til nyskaping. Grensene for rådveldet til fysiske ting og immaterialrettar etter offentlegrettslege reglar og tilhøvet mellom allemannsrettar, allmenningsrett og individuell eigedomsrett i forvaltinga av naturressursar, er ein sentral del av emne. Emnet vil ta opp i seg nye rettsformer og nye former for økonomiske verdiar som oppstår på grunn av teknologisk utvikling og utvikling av nye rettslege instrument og går såleis noko vidare enn det tradisjonelle tingsrettsfaget, sjølv om dette framleis vil vera det grunnleggjande og dominerande elementet i faget.

Emnet omfattar spørsmålet om korleis rettar til fysiske ting og immaterialrettar oppstår, kva innhald dei har og kva grenser som gjeld for utøving av rettane etter privatrettslege og offentlegrettslege reglar.

Immaterielle rettsgode oppstår ved intellektuell innsats frå opphavspersonen som dermed også får rett til godet. Dei nærare reglane om dette er omfatta av faget. Det same er stifting av rettar til ting ved hevd eller alders tids bruk, okkupasjon, produksjon eller samanblanding av ting. Stifting eller overføring av rettar ved avtale vert derimot ikkje teke opp særskilt i dette faget.

Eigedomsrett og immaterialrett framstår som dei grunnleggjande rettstypane, men har ulikt innhald etter kva type rettsgode det er tale om. Nye verdiar og nye rettsformer oppstår som fylgje av økonomisk og teknologisk utvikling og for å møta klima- og miljøproblem. I immaterialretten vil ein særleg konsentrera merksemda om opphavsrett til åndsverk, patentrett til tekniske oppfinningar og retten til varemerke. Grunnlaget for etablering av immaterialrettar, innhaldet i rettane og ulike former for rettsfellesskap (sameige) vil vera sentrale tema.

Deling av eigarrådvald til ting eller immaterialrettar gjennom sameige eller ved at nokon har avgrensa rettar til visse utnyttingsmåtar over eit rettsgode som ligg til nokon andre, er óg ein sentral del av faget.

Faget tingsrett og immaterialrett på 1. studieår omfattar dei mest sentrale privatrettslege reglane om stifting av og innhald og rekkjevidda av rettar til ting og immaterialrettar. Ein tek opp eigedomsrettsomgrepet og korleis einerettane til immaterielle gode står i høve til dette, reglane om avgrensing og identifisering av ting og immaterialrettar som rettsobjekt. Grensene for fast eigedom mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett og mot andre faste eigedomar og hovudpunkta i reglane om registrering av rettar til ting og immateralrettar vert også teke opp. Avgrensinga av eigedomsretten gjennom reglar om vern av granneeigedom, allemannsrettar til bruk av framand fast eigedom og offentleg regulering er også omfatta av faget.

Metodisk reiser faget komplekse spørsmål. Eigedomsrett og avgrensa rettar til ting byggjer på ei lang rettsutvikling og er nedfelt i lov og sedvane. Immaterialretten har ei kortare historie og har grunnlag i lovgjeving som definerer stiftingsgrunnlag, innhald og grenser for rettane. Denne lovgjevinga byggjer i stor grad på internasjonale avtalar og EU-retten. Ulikskapen i rettsgrunnlaget for eigedomsrett og avleidde rettar til fysiske ting på eine sida og immaterialrettar på den andre sida, vil gje grunnlag for drøfting av grunnleggjande metodiske problemstillingar

Eigedomsretten, herunder immaterialretten, er verna mot inngrep frå lovgjevaren etter konstitusjonelle reglar og internasjonale reglar, under dette Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

Læringsutbyte

KUNNSKAP

Studenten skal ha tileigna seg god kunnskap og forståing av kva eigedomsrett og immaterialrett er og korleis slike rettar oppstår. Nye rettsformer som rett til utslepp av klimagassar m.m. som blir nytta i reguleringa av utnyttinga av naturmiljøet, vil også vera omfatta. Det same gjeld innhaldet i eigedomsrett og avgrensa rettar til fast eigedom og lausøyre og i sentrale immaterialrettar som opphavsrett, patentrett og rett til varemerke.

Studentane skal kunne drøfte eigedomsretten og immaterialretten sin funksjon i rettssystemet og samfunnet. Studenten skal kunne beskrive korleis offentleg regulering grip inn i private rettar.

Studenten skal kunne gjere greie for:

  • Eigedomsrettsomgrepet og korleis einerettane til immaterielle gode står i høve til dette.
  • Reglar som gjeld avgrensing og identifisering av ting og grenser for fast eigedom mot andre eigedommar og mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett (som sjøområde, eigarlaust midtstykke i innsjøar og undergrunnen)
  • Reglane om registrering av fast eigedom, lausøyre og immaterialrettar.
  • Grensa mellom eigedomsrett og avgrensa rettar til fast eigedom.
  • Reglane om servituttar og bruksrett til fast eigedom.
  • Reglane om opphavsrettar, varemerker og patenter sitt vern mot utnytting frå andre (inngrepsspørsmålet).
  • Sameige og andre rettsfellesskap til ting og immaterialrettar.
  • Reglane om råderett i høve til granneeigedom.
  • Reglane om stifting av rettar til ting ved hevd eller alder tids bruk

Studentane skal kunne beskrive:

  • reglane om allemannsrett og allmenning.
  • reglane om råderett over vassdrag og sjøområdet.
  • reglane om konsesjon til utnytting av naturressursar.
  • vilkåra for etablering av opphavsrett, varemerkerett og patentrett og innhaldet i disse einerettane.
  • reglane om korleis offentleg regulering grip inn i private rettar.
  • reglane om eigedomsrettsvern etter nasjonale og internasjonale reglar.

¿FERDIGHETER

Studenten skal kunne bruka juridisk metode og lovfesta og ulovfesta reglar for å foreta sjølvstendige drøftingar av dei spørsmåla som kan reisa seg innanfor faget, med omsyn til kva som er gjeldande rett og dei sentrale rettspolitiske spørsmåla som faget reiser. Dette inneber:

  • å innhenta og systematisera rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisera problemstillingar og samanhengar.
  • å foreta ei sjølvstendig analyse av tingsrettslege og immaterialrettslege problemstillingar på grunnlag av eit samansett rettskjeldebilete.
  • å gjere greie for eigedomsretten og immaterialretten sin samfunnsmessige funksjon og avveginga av omsynet til privat eigedomsrett og immaterialrett mot andre omsyn.
  • å resonnere seg fram til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaring av underliggjande rettslege og samsfunnsmessige omsyn og verdistandpunkt, og spenningar mellom ulike typar gyldige argument.

¿GENERELL KOMPETANSE

Gjennom emnet oppnår studenten generell kompetanse til å:

  • tileigne seg ny kunnskap på fagfeltet og i tilgrensande fag
  • systematisere og vega argumentasjon, formidle juridiske analyse og konklusjon, gi råd og treffe val
  • identifisere og ta konsekvensar av etiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt
  • presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar for større og mindre grupper
  • arbeide sjølvstendig og i grupper

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

JUS100 EXFAC Innføring i juridisk metode

JUS211 Familie- og arverett

JUS212 Avtalerett

JUS213 Erstatningsrett

Studiepoengsreduksjon

I kombinasjon med JUS124 Tingsrett: 1 nytt studiepoeng.

Krav til studierett

MAJUR

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger: 14*2 timer

Arbeidsgrupper: 6*2 timer

Storgrupper: 4*2 timer

I tillegg: Egenstudier

Forelesingane skal gje oversyn over faget, faget sin plass i rettssystemet og tilhøve til andre fag på studiet, og dei indre samanhengane i faget. Vanskelege og sentrale element i faget skal bli forklart.

I arbeidsgruppene skal studentane arbeida med sentrale spørsmål med utgangpunkt i oppgåver og ei problemorientert tilnærming. I arbeidsgruppene skal desse problemstillingane bli diskuterte og sette inn i ein større samanheng. Faget krev stor grad av fordjuping gjennom sjølvstudium på grunnlag av litteratur og rettspraksis som det er vist til. Det vil også bli utarbeid digitalt materiale som tek opp sentrale spørsmål i faget.

Emnet har ei obligatorisk oppgåve. Målet med den obligatoriske oppgåva er å oppnå fordjuping og oppøving av evna til å løysa eller framstilla rettsspørsmål innanfor faget, på ein sjølvstendig måte, ved bruk av rettskjeldene.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Forelesingar, storgrupper, arbeidsgrupper og sjøvstudium. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".

2. For alle skriftlege arbeid som skal reknast med i obligatoriske arbeidskrav, gjeld at heile oppgåva skal svarast på og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsett i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».

Ordgrensen for arbeidsgruppeoppgåver er 1500 ord inkludert fotnotar og sluttnotar. Grensa er absolutt.

3. I løpet av kurset skal det leverast svar på ei obligatorisk oppgåve. Tidsramma for oppgåva vert gjort kjend ved kursstart. Oppgåvesvaret skal være innanfor ei på førehand fastsett ordgrense, og det må være godkjend før studenten kan avleggja avsluttande eksamen.

4. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje takast om att før ved neste kurs.

5. Kursgodkjenning vert ikkje forelda.¿

Vurderingsformer

Obligatoriske undervisningsaktiviteter er vilkår for å gå opp til eksamen, og inngår følgelig i sertifiseringsgrunnlaget.

Etter kurset avlegges 6 timers digital skoleeksamen med absolutt ordgrense på 4000 ord.

Informasjon om digital eksamen finn du her:¿http://www.uib.no/utdanning/86719/digital-eksamen#.

Eksamensspråk

Oppgaven: Norsk

Besvarelsen: Norsk/skandinavisk/engelsk

Hjelpemiddel til eksamen

Digitale hjelpemidler

Se fakultetets utfyllende regler § 3-5 a. Digitale utgaver av Bokmålsordboka og Nynorskordboka vil være tilgjengelige i Inspera under eksamen.

¿

I dette emnet er det ingen ekstra hjelpemidler.

Karakterskala

A - E for bestått, F for ikke bestått

Vurderingssemester

Vår.

Kontinuasjonseksamen i august.

Se utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet § 3-1 nr.3.

Litteraturliste

Hovedlitteratur («kjernelitteratur»), eventuell innføringslitteratur og/eller tilleggslitteratur publiseres i Leganto 1. juli for høstsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. 

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet

Emneansvarleg

Førsteamanuensis Torger Kielland

Professor Ingunn Myklebust

Professor Ernst Nordtveit

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

1.studiear@jurfa.uib.no