Planrett

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Rettsdisiplinen planrett (JUS 265-2-A) gjeld sentrale reglar som er styrande for samfunnsutvikling og arealforvaltning. Kurset føreset grunnleggjande forståing for alminneleg forvaltningsrett og tingsrett. Den sentrale lova i dette kurset er plan- og bygningslova, men emnet skal også gi ein djupare kunnskap om samspelet mellom plan- og bygningslova og forvaltningslova, og samspel mellom offentleg rett og privat rett.

Sentrale emne i kurset er reglane om kva for offentlege organ som har kompetanse til å forvalte arealet (personell kompetanse), framgangsmåten ved handsaming av plansaker og einskildvedtak (prosessuell kompetanse) og i kor stor grad kommunen har kompetanse til å planleggje til bruk og vern av fast eigedom og sjøareal i medhald av denne lova (materiell kompetanse). Vi ser nærare på kva som kan vere innhaldet i ein kommuneplan, reguleringsplan, føresegner og einskildvedtak.

I kurset vert det gjort nokre djupdykk i praktiske og viktige emne. Sentrale emne i kurset er byggjeforbodet i strandsona, dispensasjon og ulovleg bygging. Vidare er innløysing og ekspropriasjon, ein del av dette faget. Viktige tema er også i kor stor grad kommunen har kompetanse og plikt til å leggje vekt på privatrettslege tilhøve ved arealplanlegging, rett og plikt til å ta omsyn til miljøet og rettsleg kontroll med kommunale forvaltningsvedtak.

Læringsutbyte

KUNNSKAP

Studenten har djupare kunnskap om planlova som verkemiddel for styring av areal og ressursar, og korleis planlova verkar saman både med andre offentlege lover og prinsipp og reglar for vern av privat eigedomsrett. Dette inneber kunnskap og forståing for:

  • plan- og bygningslova sin systematikk
  • reglar om tilhøvet mellom kommunal og statleg styring i plansaker, under dette reglar om motsegn
  • reglane om sakshandsaming ved planvedtak og konsekvensutgreiing
  • dei rettslege styringsverkemidla kommune- og reguleringsplan, og særleg om kva som kan inngå i rettsleg bindande føresegner til dei ulike plantypane
  • reglar om innløysing og ekspropriasjon
  • tilhøvet mellom forvaltningslov og plan- og bygningslov, og plan- og bygningslov og andre sektorlover
  • reglar om søknadsplikt for tiltak
  • regelen om byggjeforbodet i 100-metersbeltet og rekkjevidda av heimel til å gi dispensasjon
  • reglane om kommunen sin kompetanse og plikt til å ta omsyn til private rettar ved arealplanlegging og einskildvedtak
  • rett og plikt til å ta omsyn til miljøet
  • rettsleg kontroll med forvaltningsvedtak

FERDIGHEIT (DUGLEIK)

Studenten kan bruke juridisk metode og lovfeste og ulovfeste reglar for å lage sjølvstendige drøftingar. Dette inneber:

  • å innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere rettslege problemstillingar og samanhengar
  • å føreta ei sjølvstendig analyse av juridiske problemstillingar på grunnlag av det aktuelle rettskjeldebiletet
  • å resonnere seg fram til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaringar av underliggande rettslege og samsfunnsmessige verdiar, og spenningar mellom ulike type gyldige argument

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

MA-nivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen
Krav til forkunnskapar
Tre års jusstudium.
Tilrådde forkunnskapar
Statsrett, forvaltningsrett, tingsrett og juridisk metode.
Studiepoengsreduksjon
Ingen overlapp med emner ved det juridiske fakultet
Krav til studierett

Emnet er åpent for studenter med en av følgende studieretter:

  • Studierett på integrert masterprogram i rettsvitenskap
  • Studierett på toårig masterprogram i rettsvitenskap
  • Særskilt studierett til spesialemner ved Det juridiske fakultet
  • Poststudierett ved Det juridiske fakultet
  • Innvekslingsstudenter ved Det juridiske fakultet

Forkunnskapskravet kan likevel begrense enkelte studenters adgang til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Frivillig oppgåvekurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
4 timer digital skuleeksamen. Informasjon om digital eksamen finn du her: http://www.uib.no/utdanning/86719/digital-eksamen#
Karakterskala
A til E for bestått og F for ikke bestått.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlisten vil være klar innen 1. juni for høstsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
I tråd med regningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.
Hjelpemiddel til eksamen

Digitale hjelpemidler

Se fakultetets utfyllende regler § 3-5 a. Digitale utgaver av Bokmålsordboka og Nynorskordboka være tilgjengelige i Inspera under eksamen.

I tillegg er følgende tillatt på denne eksamenen:

Alle rettskilder i Lovdata

Analoge hjelpemidler

Analoge hjelpemidler er utfaset fra og med studieåret 2020/21, se SU-sak 61/20.

Programansvarleg
Studieutvalget har programansvaret for fakultetets studietilbud.
Emneansvarleg
Professor Ingunn E. Myklebust
Administrativt ansvarleg
Studieseksjonen ved det juridiske fakultet