Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve (70 sp) forskarline

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, UiB

Mål og innhald

Føremålet med forskarlinja er å

  • identifisera og utvikla studentar med eit forskartalent og -interesse med tanke på rekruttering til PhD-programmet
  • utdanna studentar med ei viss forskingserfaring som kan nyttiggjera seg denne med tanke på problemløysing i det praktiske rettslivet
  • tilby studentane eit studium på eit høgare akademisk nivå som minskar avstanden mellom profesjonsstudiet og praksis og, samt heva kunnskapsnivået i rettssystemet og det praktiske rettslivet for øvrig.
  • gjera dei juridiske kandidatane betre i stand til å utfordra etablert kunnskap og praksis på fagområdet, slik at dei er førebudd på å bidra til innovasjon i akademia og i praksis.
  • verke til at studentane tileignar seg kunnskap om ulike metodetilnærmingar innanfor rettsvitskapen, og at dei på ein slik bakgrunn kan gjera eit informert val av metode til handtering av eige kjeldemateriale.

Læringsutbyte

Etter kurset skal studentane ha fått inngåande kunnskap om sitt fagfelt og det å skriva vitskaplege tekstar.

Dei skal ha oppnådd ferdigheiter i å handtera store mengder kunnskap, identifisere komplekse problemstillingar, nytta juridisk metode på eit vitskapleg nivå, og å produsera vitskapelege løysingar.

Gjennom å presentera eige prosjekt og diskutera eige og andre sine prosjekt, samt vitskaplege tekstar, skal studentane ha fått generell kompetanse i å delta i kompleks juridisk og vitskapleg diskusjon.

Krav til forkunnskapar

  • Bestått alle emne dei fire første åra av masterstudiet i rettsvitskap.
  • Høgt fagleg nivå, svarande til det som vert stilt for opptak til PhD-programmet.
  • Prosjektskisse på minst 3 A-4 sider (retningslinjer gis saman med informasjon om opptak)

CV skal leggjast ved søknad, slik at andre aspekt ved søkjar og prosjektet kan vurderast.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

MAJUR eller MAJUR-2.

Inntil 15 studentar vert tekne opp kvar haust.

Søknadsfrist: 15. mai.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å sikra at studentane har tilstrekkeleg kunnskap til å skriva masteroppgåve på vitskapelege nivå er følgjande undervisningsaktivitetar gjort obligatorisk:

1. Lunchseminar

Det vert gjennom heile året arrangert inntil 10 lunchseminar totalt, men slik at berre fem av desse er obligatoriske for kvar student. Som hovudregel startar kvart lunchseminar med ei førelesing om eit emne som er relevant for det stadiet av skriveprosessen studentane er inne i. Deretter diskuterer studentane under leiing av emneansvarleg.

2. David Doublet-seminar (november eller februar): Fremlegging av eige prosjekt

Før seminaret leverer studentane eit utdrag av masteroppgåva på opp til 20 sider. Dei les kvarandre sine notat som førebuing til seminaret. På seminaret presenterer dei prosjektet sitt i løpet av 20 minutt. Deretter vert prosjektet kommentert av ein medstudent og ein seniorforskar (ytterligare 20 minutt).

3. Tekstkvalitetskurs (mars)

Kurset startar med 2 timar førelesing om tekstkvalitet. Studentane skal i deretter levere tekst på maksimalt 15 sider frå masteroppgåva. Tekstane blir diskutert i smågrupper under leiing av seniorforskar.

4. Rettsvitskaplig metode og akademisk skriving

Studentane får metodisk opplæring i eit samarbeid med doktorgradsprogrammet, gjennom ein kombinasjon av tre førelesingar om metodiske tema à to timar, etterfølgd av tre diskusjonsmøte à to timar om dei same tema, der studentane blir delt opp i mindre diskusjonsgrupper under leiing av ein Phd-kandidat. Kvar av studentane må førebu eit innlegg på 10 minutt til eitt av diskusjonsmøta.

5. Forskargruppepresentasjon (november/desember eller februar)

I det semesteret det ikkje er David Doublet-seminar skal studentane presentera prosjektet sitt for forskargruppa dei er knytt til. Dei skal før presentasjonen levera eit utdrag av masteroppgåva på opp til 20 sider, som vert lest av alle eller nokre utvalde forskargruppemedlemmar. På eit lunsjseminar i forskargruppa presenterer så studentane sine prosjekt i omlag 30 minutt, etterfølgd av 40 minutt med førebudde kommentarar og diskusjon

6. Internasjonalt seminar (april)

I april skal det arrangerast eit 1 dags seminar av ein eller fleire av fakultetet sine gjesteforskarar for forskarlinestudentane. Fakultetet vil også invitere studentar på eit LLM by research-program eller anna tilsvarande program ved ein utanlandsk institusjon. To veker før seminaret skal kvar student levera eit utdrag på 3-5 sider frå masteroppgåva på engelsk, som blir distribuert til andre studentar og lese som førebuing til seminaret. På seminaret skal oppgåva presenterast i 10 minutt for dei andre studentane, samt gjesteforskaren frå Bergen, før den vert diskutert basert på utdraget og presentasjonen.

7. Sluttseminar

I april/mai vert det arrangert eit sluttseminar for kvar einskild student.

Studenten presenterer utdrag frå avhandlingsteksten som viser kva metode som er nytta. Utdraget blir kommentert av ein seniorforskar. Seminaret skal fungera som ei kvalitetssikring før ferdigstilling av avhandling for innlevering. Det vert leia av studenten sin rettleiar.

8. 20 timar rettleiing individuelt og/eller i gruppe

Det vert arrangert eit frivillig kurs i kjeldesøk og bruk av Endnote.

Vurderingsformer

Masteroppgåve på maksimalt 37 500 ord.

Innleveringsfrist: fredag i uke 25.

  • Fot- og sluttnoter skal reknas med. Forord, forside, innhaldsforteikning, registre, litteraturliste og vedlegg reknast ikkje med.
  • Oppgåve som overskrid ordgrensa vert ikkje sensurert.
  • Obligatoriske undervisingsaktiviteter er vilkår for å levere oppgåve, og inngår difor i sertifiseringsgrunnlaget.
  • Metodekunnskapen som studentane skal ha tileigna seg vert vurdert som del av vurderinga av masteravhandlinga

Karakterskala

A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust og vår.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig: professor Synne Sæther Mæhle.

Administrativt ansvarlig: masteroppgave@jurfa.uib.no

Eksamensinformasjon