Masteroppgåve (70 sp) forskarline

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Føremålet med forskarlinja er å

  • identifisera og utvikla studentar med eit forskartalent og -interesse med tanke på rekruttering til PhD-programmet
  • utdanna studentar med ei viss forskingserfaring som kan nyttiggjera seg denne med tanke på problemløysing i det praktiske rettslivet
  • tilby studentane eit studium på eit høgare akademisk nivå som minskar avstanden mellom profesjonsstudiet og praksis, samt heva kunnskapsnivået i rettssystemet og det praktiske rettslivet for øvrig.
  • gjera dei juridiske kandidatane betre i stand til å utfordra etablert kunnskap og praksis på fagområdet, slik at dei er førebudd på å bidra til innovasjon i akademia og i praksis.
  • verke til at studentane tileignar seg kunnskap om ulike metodetilnærmingar innanfor rettsvitskapen, og at dei på ein slik bakgrunn kan gjera eit informert val av metode til handtering av eige kjeldemateriale.

Læringsutbyte

Etter kurset skal studentane ha fått inngåande kunnskap om og forståing av sitt fagfelt.

Dei skal kunne handtera eit stort kjeldemateriale, identifisere komplekse problemstillingar og nytta juridisk metode på ein sjølvstendig og systematisk måte.

Gjennom å presentera eige prosjekt og diskutera eige og andre sine prosjekt, samt vitskaplege tekstar, skal studentane ha fått generell kompetanse i å delta i kompleks juridisk og vitskapleg diskusjon.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

70 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, UiB
Krav til forkunnskapar
  • Bestått alle emne dei fire første åra av masterstudiet i rettsvitskap.
  • Høgt fagleg nivå, svarande til det som vert stilt for opptak til PhD-programmet.
  • Prosjektskisse (krav og retningslinjer er tilgjengelige på nettsida til emnet)
  • CV skal leggjast ved søknad, slik at andre aspekt ved søkjar og prosjektet kan vurderast.

    Tilrådde forkunnskapar
    Ingen
    Krav til studierett

    MAJUR eller MAJUR-2.

    Inntil 15 studentar vert tekne opp kvar haust.

    Søknadsfrist: fredag uke 15

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    For å sikra at studentane har tilstrekkeleg kunnskap til å skriva stor masteroppgåve i tråd med læringsutbyttet er følgjande undervisningsaktivitetar gjort obligatorisk:

    1. Seminar
    Det vert gjennom heile året arrangert inntil 10 seminar totalt, men slik at berre fem av desse er obligatoriske for kvar student.

    2. David Doublet-seminar (tidspunkt fastsetjast av fakultetet):
    Før seminaret leverer studentane eit utdrag av masteroppgåva i tråd med informasjon frå fakultetet om deltaking på David Doublet-seminaret. Studentane deltar på programmet for David Doublet-seminaret slik det vert fastsett av fakultetet.

    3. Tekstkvalitetskurs
    Kurset startar med 2 timar førelesing om tekstkvalitet. Studentane skal deretter levere tekst på maksimalt 15 sider frå masteroppgåva. Tekstane blir diskutert i smågrupper under leiing av av ein fagperson på doktorgradsnivå.

    4. Rettsvitskaplig metode og akademisk skriving

    Studentane får metodisk opplæring i eit samarbeid med doktorgradsprogrammet, gjennom ein kombinasjon av tre førelesingar om metodiske tema à to timar, etterfølgd av tre diskusjonsmøte à to timar om dei same tema, der studentane blir delt opp i mindre diskusjonsgrupper under leiing av ein ph.d.-kandidat og/eller ein annan vitskapeleg ansatt. Kvar av studentane må førebu eit innlegg på 10 minutt til eit av diskusjonsmøta.

    5. Forskargruppepresentasjon (tidspunktet fastsetjast av emneansvarleg i samråd med vegledar og forskargruppeleiar)
    Studentane skal presentera prosjektet sitt for forskargruppa dei er knytt til. Dei skal før presentasjonen levera eit utdrag av masteroppgåva på opp til 20 sider, som vert lest av ein eller fleire utvalde forskargruppemedlemmar. Studentane skal også sende utdraget til heile forskargruppa.

    6. Internasjonalt workshop

    The topic of the seminar is the presentation of a project to an international audience and the challenges we as academics meet when we want to communicate our projects to colleagues from other legal cultures.

    Før workshopen skal kvar student levera eit utdrag på 3-5 sider frå masteroppgåva på engelsk, som blir distribuert til andre studentar og lese som førebuing til seminaret. På workshopen skal oppgåva presenterast i 10 minutt for dei andre studentane, samt ein fagperson med omfattande internasjonal erfaring, før den vert diskutert basert på utdraget og presentasjonen.


    7. Sluttseminar

    Før sluttseminaret skal studenten levere masteroppgåva, med særleg vekt på eit utdrag på opp til 20 sider, til ein fagperson med kompetanse på doktorgradsnivå. På seminaret presenterer studenten masteroppgåva og utdraget, og fagpersonen kommenterer utdraget og heilskapen i masteroppgåva. Seminaret skal fungera som ei kvalitetssikring før ferdigstilling av avhandling for innlevering.

    8. 30 timar rettleiing

    Andre undervisningsaktiviterer vert tilbudd, men er ikkje obligatoriske.

    Emneansvarleg kan gje meir informasjon om programmet for eit studieår.

    Vurderingsformer

    Masteroppgåve på maksimalt 37 500 ord.

    Innleveringsfrist: fredag i uke 25.

    • Fot- og sluttnoter skal reknas med. Forord, forside, innhaldsforteikning, registre, litteraturliste og vedlegg reknast ikkje med.
    • Oppgåve som overskrid ordgrensa vert ikkje sensurert.
    • Obligatoriske undervisingsaktiviteter er vilkår for å levere oppgåve, og inngår difor i sertifiseringsgrunnlaget.
    • Metodekunnskapen som studentane skal ha tileigna seg vert vurdert som del av vurderinga av masteravhandlinga
    Karakterskala
    A til E for bestått og F for ikkje bestått.
    Vurderingssemester
    Haust og vår.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikke aktuelt for emnet
    Emneansvarleg

    Professor Synne Sæther Mæhle

    Administrativt ansvarleg
    Det juridiske fakultet, studieadministrasjonen.