Hjem
Utdanning
Årsstudium

Kunst- og designdidaktikk 1

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til to semesters fulltidsstudium.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål

Emnet  har som mål at kunstnarar og designarar utviklar kunnskap om deira fag si tyding, posisjon, relevans, progresjon og verdi, i eit breitt spekter av undervisnings- og formidlingsformer. Dette gjeld forhold først og fremst i skulen. 5-10 trinn i grunnskulen, vidaregåande skule, kulturskulen, Den kulturelle skulesekken, folkehøgskular, kunst- og designmuseum og gallerier er aktuelle arenaer.

Emnet skal medverke til at studentane utviklar innsikt i prosessen det er å planlegge, legge til rette, tilpasse, vurdere og reflektere over undervisning og formidling i kunst- og designfag.

Studentane skal tileigne seg kunnskap om sentrale aspekt ved læringsprosessar i kunst og design, og kunne reflektere over samanhengen mellom eigen kunnskap, undervisning og elevane si læring. I løpet av studiet skal dei reflektere over paradoks og dilemma som kan knyte seg til det å vere kunstnar/designar og lærar i kunst og design.

Emnet skal skape forståing for samtidskunsten og -designen si tyding og potensiale som kjelde for erfaringar, oppleving og læring for elevane.

Gjennom studiet skal studentane få kjennskap til lovverk og planar som regulerer utdanningsfeltet for kunst og designfaga, og kritisk kunne analysere og vurdere plassen som faga har i skulen.

Innhald

Emnet tek opp tema som:

  • undervisningsplanlegging for skulefaget Kunst og handverk, 5-10 trinn
  • vurderingsarbeid i Kunst og handverk, 5-10 trinn
  • læringsprosessar i kunst og designfag
  • teiknedidaktikk
  • fargedidaktikk
  • form- og romdidaktikk
  • prosjektarbeid i skulen
  • rollen som lærar i relasjon til rollen som kunstnar/designar

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

 

Kunnskap

Studenten..

  • har brei kunnskap om kunst- og designfaga sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen, trinn 5-10
  • har kunnskap om de ulike aspekta ved kunst- og designlæraryrket, og korleis desse kan utviklast
  • har brei kunnskap om barn og unge si utvikling i kunst- og designfag , og forståing for dei ulike prosessane som påverkar elevene sin motivasjon og læring i desse faga

 

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan planlegge, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervisning i kunst og design, på relevante trinn og læringsarenaer, basert på læreplanar, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og eiga erfaring
  • kan differensiere relevante og varierte arbeidsmåtar og arbeidsmetodar som motiverer, utfordrar og inkluderer elevar, og kan tilpasse opplæringa til elevene sine interesser, læringstempo og kunnskapsnivå 
  • kan skape gode læringssituasjonar, kjenneteikna ved dialog, toleranse, respekt og omsorg for elevane
  • kan beskrive kjenneteikn på elevar sin kompetanse, vurdere undervegs, og kommunisere vurderingsarbeidet til elevar/føresette og kollegaer 

Generell kompetanse

Studenten..

  • har ei profesjonell haldning, og kan reflektere kritisk over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer og skulen si utvikling

Krav til studierett

Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.

Arbeids- og undervisningsformer

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive arbeids- og undervisningsformer, i forelesingar, i arbeids-/ ideutviklingsverkstader, i gruppearbeid og individuelt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna eit fokus på studentaktive arbeidsformer er all undervisning obligatorisk, og fråvær på meir enn 20 % førar normalt til tap av eksamensrett.

Det er to obligatoriske arbeidskrav i emnet:

  • undervisningsopplegg til 1. praksisperiode, som skal forklarast og grunngjevast. Studentane skal levere dette skriftleg på Mitt UiB, og i tillegg ha ein munnleg presentasjon.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • Skrifteleg praksisrapport med refleksjonsdel. Praksisrapporten er ein todelt tekst; med ein beskrivande rapportdel og ein refleksjonsdel. Til saman skal praksisrapporten innehalde mellom 3000 og 4500 ord. Oppgåva skal rettleiast.

Karakterskala

«Bestått» / «Ikkje bestått»

Vurderingssemester

Fulltid, haust/Deltid, vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveilder@kmd.uib.no

studieveilder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon