Kunst- og designdidaktikk 2

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål at kunstnarar og designarar utviklar inngåande kunnskap om deira fag sin posisjon og relevans for eleven, for skulen og i samfunnet.

Emnet skal medverke til at kandidatane utviklar kunnskap i den prosessen det er å planlegge, legge til rette, rettleie og vurdere undervisning og formidling i kunst- og designfaga, særskild i vidaregåande skule.

I løpet av studiet skal det gjerast tydeleg korleis perspektiv frå samtidskunst- og design kan nyttast inn i planlegging av undervisning, med særleg fokus på vidaregåande skule.

Emnet skal synleggjere korleis den visuelle kulturen kan medverke til å danne eit grunnlag for undervisning i kunst og design. Emnet skal legge til rette for kunnskap om lovverk og planer, som regulerer utdanningsfeltet for kunst og designfaga.

Innhald

Emnet tek opp tema som:

  • undervisningsplanlegging og gjennomføring for kunst- og designfag, særleg retta mot vidaregåande skule.
  • vurderingsarbeid i kunst og design, særskild retta mot vidaregåande skule.
  • estetikk og læring.
  • rettleiing og rettleiingstradisjonar i kunst og designfag.
  • visuell kultur i skulen.
  • formidling og undervisning, knytt opp mot samtidskunst og -design.
  • designdidaktikk.
  • form/romdidaktikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • har inngåande kunnskap om kunst- og designfaga sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen, basert på eit felles verdigrunnlag om demokrati, kulturelt og sosialt mangfald, berekraftig utvikling, likestilling og likeverd.
  • har brei kunnskap om dei komplekse læringsprosessane i kunst og designfag, og korleis ein som lærar på ein profesjonell måte, kan legge til rette for denne læringa.
  • har kjennskap til ulike tradisjonar for rettleiing, og kan nyttegjere seg av desse i undervisning.
  • har kjennskap til vår globale visuelle kultur, og korleis ein som lærar kan knytte denne kunnskapen til undervisning i kunst og design.

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan planlegge, rettleie, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervisning i kunst og design, særleg retta mot vidaregåande trinn, basert på læreplanar, teori, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, og eiga erfaring.
  • kan differensiere relevante og varierte arbeidsmåtar som motiverer, utfordrar og inkluderer elevar i vidaregåande skule.
  • kan tilpasse opplæringa til dei interessene og det kunnskapsnivået som elevane har.
  • kan skape utfordrande og gode læringssituasjonar, kjenneteikna ved dialog, toleranse, respekt og omsorg for elevane.
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetansen til elevane, vurdere undervegs, og kommunisere vurderingsarbeidet til elevar/føresette og kollegaer.

Generell kompetanse

Studenten..

  • har ei profesjonell haldning, og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål.
  • kan med stor grad av sjølvstende, vidareutvikle eigen kompetanse og medverke til utviklinga både for kollegaer og skulen.

Fulltid/deltid

Fulltid / deltid

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og går over to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til studierett
Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.
Arbeids- og undervisningsformer
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive arbeids- og undervisningsformer, i førelesningar, på seminar, i gruppearbeid og i workshops.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Det er eit obligatorisk arbeidskrav i emnet:

  • Utarbeiding av undervisningsopplegg til 2. praksisperiode. Undervisningsopplegget skal forklarast og grunngjevast. Studentane skal levere dette skriftleg på Mitt UiB, og i tillegg ha ein munnleg presentasjon. Arbeidet går føre seg i praksisførebuande veke.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • Semesteroppgåve med sjølvvalt tema, 3000 ord.
  • Praktisk munnleg eksamen. Studentane presenterer eit visuelt læremiddel, som dei knyter opp til ei skisse av eit undervisningsopplegg.

Dei to eksamensdelane vert vekta likt.

Karakterskala
Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.