Kunst- og designdidaktikk 2
Årsstudium
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KDDI202
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet har som mål at kunstnarar og designarar utviklar inngåande kunnskap om deira fag sin posisjon og relevans for eleven, for skulen og i samfunnet.
Emnet skal medverke til at kandidatane utviklar kunnskap i den prosessen det er å planlegge, legge til rette, rettleie og vurdere undervisning og formidling i kunst- og designfaga, særskild i vidaregåande skule.
I løpet av studiet skal det gjerast tydeleg korleis perspektiv frå samtidskunst- og design kan nyttast inn i planlegging av undervisning, med særleg fokus på vidaregåande skule.
Emnet skal synleggjere korleis den visuelle kulturen kan medverke til å danne eit grunnlag for undervisning i kunst og design. Emnet skal legge til rette for kunnskap om lovverk og planer, som regulerer utdanningsfeltet for kunst og designfaga.
Innhald
Emnet tek opp tema som:
- undervisningsplanlegging og gjennomføring for kunst- og designfag, særleg retta mot vidaregåande skule.
- vurderingsarbeid i kunst og design, særskild retta mot vidaregåande skule.
- estetikk og læring.
- rettleiing og rettleiingstradisjonar i kunst og designfag.
- visuell kultur i skulen.
- formidling og undervisning, knytt opp mot samtidskunst og -design.
- designdidaktikk.
- form/romdidaktikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten..
- har inngåande kunnskap om kunst- og designfaga sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen, basert på eit felles verdigrunnlag om demokrati, kulturelt og sosialt mangfald, berekraftig utvikling, likestilling og likeverd.
- har brei kunnskap om dei komplekse læringsprosessane i kunst og designfag, og korleis ein som lærar på ein profesjonell måte, kan legge til rette for denne læringa.
- har kjennskap til ulike tradisjonar for rettleiing, og kan nyttegjere seg av desse i undervisning.
- har kjennskap til vår globale visuelle kultur, og korleis ein som lærar kan knytte denne kunnskapen til undervisning i kunst og design.
Ferdigheiter
Studenten..
- kan planlegge, rettleie, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervisning i kunst og design, særleg retta mot vidaregåande trinn, basert på læreplanar, teori, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, og eiga erfaring.
- kan differensiere relevante og varierte arbeidsmåtar som motiverer, utfordrar og inkluderer elevar i vidaregåande skule.
- kan tilpasse opplæringa til dei interessene og det kunnskapsnivået som elevane har.
- kan skape utfordrande og gode læringssituasjonar, kjenneteikna ved dialog, toleranse, respekt og omsorg for elevane.
- kan beskrive kjenneteikn på kompetansen til elevane, vurdere undervegs, og kommunisere vurderingsarbeidet til elevar/føresette og kollegaer.
Generell kompetanse
Studenten..
- har ei profesjonell haldning, og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål.
- kan med stor grad av sjølvstende, vidareutvikle eigen kompetanse og medverke til utviklinga både for kollegaer og skulen.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.
Det er eit obligatorisk arbeidskrav i emnet:
- Utarbeiding av undervisningsopplegg til 2. praksisperiode. Undervisningsopplegget skal forklarast og grunngjevast. Studentane skal levere dette skriftleg på Mitt UiB, og i tillegg ha ein munnleg presentasjon. Arbeidet går føre seg i praksisførebuande veke.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:
- Semesteroppgåve med sjølvvalt tema, 3000 ord.
- Praktisk munnleg eksamen. Studentane presenterer eit visuelt læremiddel, som dei knyter opp til ei skisse av eit undervisningsopplegg.
Dei to eksamensdelane vert vekta likt.