Hjem
Studentsider
Årsstudium

Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, kunst og design (heiltid)

Studiepoeng, omfang

Praksis gir ingen studiepoeng, men er ein integrert del av PPU-studiet, som er knytt til både pedagogikk- og fagdidaktikkemna.

Går over to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Mål

I praksisopplæringa skal studentane øve seg i å planlegge, gjennomføre, vurdere og analysere undervisning, og på denne måten vidareutvikle sin pedagogiske og fagdidaktiske kompetanse. Praksiserfaringane skal sjåast i lys av teori, læreplanar og mandatet som skulen har. Studentane skal kunne vurdere dei ulike aspekta ved eiga undervisning, på ein kvalifisert måte.

Utdanninga på PPU skal vere praksisbasert og yrkesretta, og det er følgeleg viktig å utvikle kunnskap gjennom eit samspel basert på erfaringar, verdiar og forsking. Det å utdanne seg til lærar inneber å utvikle heilskapleg kompetanse for pedagogisk og didaktisk arbeid, gjennom evna til å sjå samanhengar mellom praksis og teori.

Vi legg til grunn at studentar og faglærarar brukar erfaringar frå praksis som utgangspunkt for refleksjon og analyse, både i pedagogikk og fagdidaktikk.

 

Innhald

I praksisopplæringa skal studentane analysere sine praksiserfaringar i lys av teori og, læreplanar, og på denne måten vidareutvikle sin pedagogiske og didaktiske kompetanse. Praksis skal vera variert, rettleia og vurdert.

Praksisperiodane kan gjennomførast som praksis i par eller som individuell praksis, og vera knytt til faga som studenten er kvalifisert til å undervise i.

Emnet tek opp tema som:

  • læringsmiljø, lærarens rolle som klasseleiar og rollemodell, elevsamtalar og yrkesetikk.
  • differensiering og tilpassa opplæring, også for elevar i eit fleirkulturelt læringsmiljø. Sjå den einskilde og sjå klassen under eitt.
  • planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av opplæring, og vurdering og dokumentasjon av elevane si læring.
  • formell og uformell elevvurdering.
  • tiltak for elevar med særskilde behov, samarbeid med hjelpeapparatet.
  • samarbeid mellom skule og heim.
  • teamarbeid, skulen som organisasjon.
  • endrings- og utviklingsarbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurdering i trinn 8-10 i grunnskulen, i vidaregåande skule og i andre relevante læringsarenaer.
  • har kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heim-samarbeid.
  • har kunnskap om rolla til læraren, rettar og plikter og om lærararbeidet på organisasjonsniva¿.
  • har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan planlegge, tilpasse, gjennomføre og vurdere opplæring, aleine og saman med andre.
  • kan variere og grunngje eit breitt utval av måtar for undervisning, både sjølvstendig og gjennom elevmedverking.
  • kan utvikle ma¿l for opplæringa og vurdere elevane si evne til å oppnå måla gjennom formativ og summativ vurdering.
  • kan vera ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, og kunne justere arbeidsmåtane undervegs.
  • kan samhandle med elevar, føresette, kollegaar, skuleledelse og andre aktørar i skulen.

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan reflektere over fag, undervisning og elevane si læring i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv.
  • kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking.
  • kan bygge gode relasjonar og kommunisere godt med elevar og kollegaar.
  • kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen.

Krav til studierett

Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.

Arbeids- og undervisningsformer

60 arbeidsdagar praksis skal inngå som ein integrert del av studiet.

Samanlikna med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette 500 arbeidstimar, som inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid, samt tid til fagleg utviklingsarbeid.

1. semester

Grunnskule, fortrinnsvis 8-10

Alternativ:

Kulturskule

Museum

Folkehøgskular

2. semester

Vidaregåande skule

Alternativ:

Kulturskule

Museum

Folkehøgskular

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet IRGA, med heimel i Midlertidig forskrift fastsatt av universitetsstyret 28.05.2020, vedteke endringar i dei obligatoriske arbeidskrava (oktober 2020):

All praksis er obligatorisk. Det krev 100% frammøte og god førebuing.

Endringa (i kursiv) gjeld hausten 2020:

Dersom studenten får fråvær i praksis, knytt til Covid19, skal det gjerast mogleg for studenten å ta

igjen dette fråværet i løpet av studieåret, så langt råd er.

Praksisansvarlege ved studieprogrammet skal ta omsyn til læringsmåla for praksisemnet ved

tilrettelegging for alternative læringsaktivitetar.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • Det vert gjort ei heilskapleg vurdering av studenten sine praksisperiodar gjennom samarbeid med praksisrettleiar og faglærar.

Karakterskala

«Bestått» / «Ikkje bestått»

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studieveileder@kmd.uib.no

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon