Hjem
Utdanning
Årsstudium

Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, kunst og design (deltid)

  • Studiepoeng0
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeKDPRA211
  • Talet på semester4
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Praksis gir ingen studiepoeng, men er ein integrert del av PPU-studiet, som er knytt til både pedagogikk- og fagdidaktikkemna.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Mål

I praksisopplæringa skal studentane øve seg i å planlegge, gjennomføre, vurdere og analysere undervisning, og på denne måten vidareutvikle sin pedagogiske og fagdidaktiske kompetanse. Praksiserfaringane skal sjåast i lys av teori, læreplaner og mandatet som skulen har. Studentane skal kunne vurdere dei ulike aspekta ved eigea undervisning, på ein kvalifisert måte.

Utdanninga på PPU skal vera praksisbasert og yrkesretta, og det er følgeleg viktig å utvikle kunnskap gjennom eit samspel basert på erfaringar, verdiar og forsking. Det å utdanne seg til lærar, inneberer å utvikle heilskapleg kompetanse for pedagogisk og didaktisk arbeid, gjennom evna til å sjå samanhengar mellom praksis og teori.

Vi legg til grunn at studentar og faglærarar brukar erfaringar frå praksis som utgangspunkt for refleksjon og analyse både i pedagogikk og fagdidaktikk.

 

Innhald

I praksisopplæringa skal studentane analysere sine praksiserfaringar i lys av teori og, læreplanar, og på denne måten vidareutvikle sin pedagogiske og didaktiske kompetanse. Praksis skal vera variert, rettleia og vurdert.

Praksisperiodane kan gjennomførast som praksis i par eller som individuell praksis. Praksis skal vera knytt til faga som studenten er kvalifisert til å undervise i.

Emnet tek opp tema som:

  • læringsmiljø, lærarens rolle som klasseleiar og rollemodell, elevsamtalar og yrkesetikk
  • differensiering og tilpassa opplæring, også for elevar i eit fleirkulturelt læringsmiljø. Sjå den einskilde og sjå klassen under eitt.
  • planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av opplæring, og vurdering og dokumentasjon av elevane si læring
  • formell og uformell elevvurdering
  • tiltak for elevar med særskilde behov, samarbeid med hjelpeapparatet
  • samarbeid mellom skule og heim
  • teamarbeid, skulen som organisasjon
  • endrings- og utviklingsarbeid

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidler og vurdering i trinn 5-10 i grunnskulen, i vidaregåande skule og i andre relevante læringsarenaer
  • har kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om
    skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heim-samarbeid
  • har kunnskap om rolla til læraren, rettar og plikter og om lærararbeidet pa¿ organisasjonsniva¿
  • har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan planlegge, tilpasse, gjennomføre og vurdere opplæring, aleine og saman med andre
  • kan variere og grunngje eit breitt utval av måtar for undervisning, både sjølvstendig og gjennom elevmedverking
  • kan utvikle ma¿l for opplæringa og vurdere elevane si evne til å oppnå måla gjennom formativ og summativ vurdering
  • kan vera ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, og kunne justere arbeidsmåtane undervegs
  • kan samhandle med elever, føresette, kollegaer, skuleledelse og andre aktørar i skulen

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan reflektere over fag, undervisning og elevane si læring i lys av aktuelle læreplaner og profesjonsetiske perspektiv
  • kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking
  • kan bygge gode relasjonar og kommunisere godt med elevar og kollegaer
  • kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen

Krav til studierett

Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.

Arbeids- og undervisningsformer

60 arbeidsdagar praksis skal inngå som en integrert del av studiet. Samanlikna med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette 500 arbeidstimar, som inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid, samt tid til faglig utviklingsarbeid.

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

Grunnskule

Grunnskule

Alternativt:

- Kulturskule

- Museum

- Folkehøgskolar

Vidaregåande skule

Vidaregåande skule

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All praksis er obligatorisk. Det krev 100% frammøte og god førebuing.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • Det vert gjort ei heilskapleg vurdering av studenten sine praksisperiodar gjennom samarbeid med praksisrettleiar og faglærar

Karakterskala

«Bestått» / «Ikke bestått»

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studieveileder@kmd.uib.no

studieveileder@kmd.uib.no