Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kinesisk språk 2

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKIN102
  • Talet på semester1
  • SpråkKinesisk og norsk/ engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer vidaregåande innføring i moderne mandarin.
Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal tileigne seg eit utvida vokabular og eit visst tal skriftteikn. Dei får øve seg i å skrive og bruke enkle og frekvente kinesiske teikn. Emnet gir òg ein praktisk gjennomgang av grunntrekka i grammatikken.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne lese og skrive enkle tekstar, og føre samtalar om daglegdagse tema på mandarin.

Studentane skal
- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk.
- ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytte til daglegliv og 160 nye skriftteikn

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i engelsk. KIN101 eller tilsvarande kunnskapar. Studentar som har fullført KIN622 eller KIN624 lyt førebu seg til emnet med sjølvstudium. Ta kontakt med studierettleiar for informasjon om dette.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for KIN101 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med KIN622 eller KIN624.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar. Det er om lag 10-12 timar undervisning i veka, i 6 veker i andre halvdel av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette kurset har 6 obligatoriske heimeoppgåver. I tillegg skal studenten i løpet av semesteret halde minst éin munnleg presentasjon. Studenten må få 4 av 6 heimeoppgåver pluss presentasjonen godkjent for å kunne framstille seg til vurdering.

Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Fire timar skriftleg eksamen i lesedugleik, grammatikk og skrivedugleik.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no 

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    27.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    13.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted