Kinesisk språk 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer vidaregåande innføring i moderne mandarin. Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal tileigne seg eit utvida vokabular og eit visst tal skriftteikn. Dei får øve seg i å skrive og bruke enkle og frekvente kinesiske teikn. Emnet gir òg ein praktisk gjennomgang av grunntrekka i grammatikken.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne lese og skrive enkle tekstar, og føre samtalar om daglegdagse tema på mandarin.

Studentane skal- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk. - ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytte til daglegliv og 160 nye skriftteikn

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
God dugleik i engelsk. KIN101 eller tilsvarande kunnskapar. Studentar som har fullført KIN622 eller KIN624 lyt førebu seg til emnet med sjølvstudium. Ta kontakt med studierettleiar for informasjon om dette.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for KIN101 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med KIN622 eller KIN624.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar. Det er om lag 10-12 timar undervisning i veka, i 6 veker i andre halvdel av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette kurset har 5 obligatoriske heimeoppgåver. I tillegg skal studenten i løpet av semesteret halde minst éin munnleg presentasjon. Studenten må få 4 av 5 heimeoppgåver pluss presentasjonen godkjent for å kunne framstille seg til vurdering.

Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Fire timar skriftleg eksamen i lesedugleik, grammatikk og skrivedugleik.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.