Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kinesisk språk 3

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

KIN103 byggjer på KIN101 og KIN102 og har vidare begynnarundervising i og om det kinesiske språket, med vekt på språkstruktur, skriftspråk og daglegdags tale. Det er eit tilbod til studentar som ønskjer å lære moderne mandarin over basisnivået.

Studentane skal skaffe seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal skaffe seg eit vokabular på 300 ord knytte til daglegliv og universitetskvardag, samt 160 nye skriftteikn. Dei skal òg verte kjende med vanlege sosiale og kulturelle aktivitetar i Kina. Korrekt uttale vert vektlagd.

Læringsutbyte

Studentane skal

- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk.

- ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytte til daglegliv og 160 nye skriftteikn.

- ha kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturelle aktivitetar i Kina.

- kunne skrive ei rekkje av dei mest nytta kinesiske teikna utan å konsultere vokabularliste eller ordbok.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

KIN101 og KIN102 eller tilsvarande kunnskapar. God dugleik i engelsk.

Studentar som har fullført KIN623 og KIN624 (tidlegare KIN621 og KIN622) lyt førebu seg til emnet med sjølvstudium. Ta kontakt med studierettleiar for informasjon om dette.
Det er ein klar føremon å ta KIN103 og KIN104 i same semester.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og semiar. Det er om lag 10-12 timar undervisning i veka, i 6 veker i første halvdel av semesteret. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere inn 6 skriftlege oppgåver og få godkjend minimum 4 av desse.

I tillegg må studenten levere inn 6 munnlege oppgåver på omkring 5-10 minutt, som faglærar gir tilbakemelding på. Oppgåvene skal leverast som lydfiler.

 Det blir kravd at studentane har 75 % oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Fokus blir på uttale, munnleg kommunikasjon og skildring.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty. Ordbøker og eiga grammatikkbok.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon