Hjem
Studentsider
Masteremne

Forskingsmetode i kinesiske studium

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette spesialutvikla kurset har ei syntetisert tilnærming som består av filologisk undersøking, estetisk evaluering, hermeneutisk analyse, teoretisk refleksjon, omsetjingskritikk og komparative perspektiv. Først og fremst er dette eit kurs som introduserer studentane for, og trener dei i, «transreading», ein kritisk teori utvikla for å undersøke korleis historie, litteratur, filosofi og kunst genererer og formar kvarandre. 

«Transreading» inneheldt fire samtidige og samanhengande aktivitetar - sakte og nær lesing, litterær/bokstaveleg omsetjing, kreativ skriving og kulturell hermeneutikk. Desse praksisane er instrumentelle for å forstå dei kosmopolitanske figurane i moderne kinesisk intellektuell historie som vil halde fram å påvirke verda med verker som ofte er kryptiske, men grunnleggjande. Den enkelte student vil verte ein «transreader» : ein nærlesar, poetisk omsetjar, kreativ skrivar og kulturkritikar, samtidig. 

Den beste måten å oppnå dette på er å kombinere teori og praksis, metodologi og øving. Dette kurset utforskar kortare kinesiske tekstar som eksemplifiserer lingvistisk kompleksitet, intellektuelt stimuli og kulturelle karakteristikkar. Litteraturen inneheldt moderne poesi og prosa, samtidslyrikk og noveller. 

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- vil kunne demonstrere kunnskap om kinesisk språk, litteratur og filosofi, som tilrettelegg for effektiv interkulturell kommunikasjon

- vil kunne vise innsikt i tilstøtande disiplinar slik som antropologi, økonomi, historie, internasjonal bedriftsøkonomi, medievitenskap, statsvitenskap og omsetjingsstudier, som utdjupar den interkulturelle forståinga

Ferdigheiter

Student

- vil vere i stand til å omsetje ein kompleks kinesisk tekst til engelsk eller norsk på ein måte som viser studenten si forståing av grunnleggjande tydingar av originalen, samt studenten sin forhøga sensitivitet for det kinesiske språket, og studenten sin velutvikla smak innan kinesisk litteratur

- vil vere i stand til å identifisere, analysere og evaluere ulike spørsmål  -mellom anna vendingar, kontroversar, paradoks, gåter, palimpsestiske spor, historisk-kulturelle allusjonar som finst i den kinesiske originalen. Spørsmåla er teikn på språkleg innovasjon som krev grundig undersøking

- vere i stand til å utforske ulike måtar å transplantere dei kinesiske spørsmåla til ein vestleg kulturell kontekst eller omsetje utvalde engelsk/norskspråklege versjonar attende til kinesisk for ei konstruktiv samanlikning med originalen

Generell kompetanse

Studenten

- vil demonstrere kritisk tenkjing, initiativ og ressursstyrke i å leie framtidige intellektuelle utvekslingar

- demonstrere leseferdigheit gjennom undersøking og bruk av kunnskapar innan humanistiske fag og kunst

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i kinesisk språk, sinologi eller tilsvarande. Det er naudsynt med språklege ferdigheiter i kinesisk for å forstå kinesiskspråkleg materiale som datagrunnlag for analyse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i kinesiske studium ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Dei primære undervisningsmetodane inkluderer førelesingar og seminar (til saman 24 timar over 12 veker). Læringsmetodane for studentane inkluderer førebuing, gruppeoppgåver, munnleg framføring, individuelt forskingsprosjekt, og liknande. 

Kurset vert undervist på engelsk, med ein stor del døme på kinesisk. Kurshaldar nyttar innovative pedagogiske verktøy og teknikkar for å setje studentane i stand til å undersøke korleis historie, litteratur, filosofi og kunst genererer og formar kvar kvarandre, både i ein kinesisk samanheng og i ein global, komparativ samanheng. Kurshaldar vil òg gje individuell rettleiing av forskingsprosjekt. 

Det vert venta at studentane førebur seg ved å grundig og nøye lese litteraturen og ved å jamleg gjere mindre oppgåver heime (som til dømes tilbakemelding, forumpostar på nettform, debattinnlegg og rapportar), samt ved å utvide eige ordforråd for å forstå kinesisk litteratur brukt i undervisninga, og ved å gjennomføre sjølvstendig forskingsarbeid på utvalde tema. 

Vidare må kvar student gjere eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit sjølvvalt tema med samanheng til hovudtematikkane i kurset. Dette prosjektet må utviklast til ei semesteroppgåve og leggjast fram for vurdering.  

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta i minst 75% av førelesingane.

Tema for semesteroppgåva skal godkjennast av kurshaldar. Kvar studenten skal i tillegg halde ein munnleg presentasjon om tema for semesteroppgåva og få tilbakemelding av kurslandar og medstudentar. Det er obligatorisk å få rettleiing på semesteroppgåva.

Obligatoriske oppgåver er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret, og alle obligatoriske oppgåver må vere ferdigstilt same semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering i emnet er gjennom ei semesteroppgåve skrive med rettleiing.  på engelsk på om lag 3000 ord (+/- 10%), referansar, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Tema for oppgåva er vald av studenten og vert godkjent individuelt av kurshaldar.

Studenten må følgje normer og konvensjonar for akademisk skriving og gjere seg kjent med reglane som gjeld kjeldebruk og siteringar. Viss desse reglane ikkje vert føld, kan studenten verte mistenkt for jusk eller forsøk på juks.Ein student som ikkje leverer inn semesteroppgåva i haustsemesteret kan ta midtsemestereksamen i påfølgjande semester, gitt at studenten har fullført alle obligatoriske arbeidskrav for emnet. I slike tilfelle vil det ikkje verte gjeve rettleiing. Det er ikkje mogleg å levere inn same semesteroppgåve som var innlevert i haustsemesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav og som ikkje leverte inn semesteroppgåva i haustsemesteret. 

Litteraturliste

Ei skreddarsydd liste over oppdatert litteratur innan feltet vert gjort digitalt tilgjengeleg.Litteraturlista kan variere noko frå semester til semester, i tråd med utviklingar av kjernedisiplinen og tilhøyrande akademiske krinsar i ulike geografisk-kulturelle kontekstar. 

Litteraturlista vil verte gjort tilgjengeleg innan 1. juni for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for kinesisk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no   

Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    06.12.2022, 13:00
    Trekkfrist
    22.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen