Hjem
Studentsider
Masteremne

Emne i kinesisk litteratur, filosofi, media og kunst

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKIN304
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og kinesisk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Hovudmålet i dette emnet er å la studentane få innsikt i kinesiske og globale syn på framveksande sosiale, kulturelle og politiske fenomen og hendingar. Det vil verte oppmoda om, og lagt til rette for, interaksjon mellom morsmålsspråklege og andrespråksspråklege.

Den optimale måten å oppnå dette føremålet på er å utforske kinesisk samtidskultur. Tematikkar i kurset vil inkludere:

- kinesisk og komparativ litteratur og filosofi- kinesisk og komparativt teater, film (både dokumentarar og spelefilmar) og TV-program (nyhende, drama, talk shows, reality-seriar og liknande)

- kinesisk og komparativ politikk kring sosiale medium (WeChat, Weibo, Facebook, Twitter, YouTube, Instagram, og så bortetter)

- den sosiale påverknaden til kinesisk populærkultur, særleg popmusikk- nye medium og digital humaniora i Kina

- utdanning og lærebøker (frå barnehage til universitetsnivå) i Kina

- tverrdisiplinær kunst i Kina- klassisk kinesisk kalligrafi og den notidige og framtidige relevansen til kalligrafi

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- kan vise kunnskap om kinesisk språk, litteratur og filosofi, som legg til rette for effektiv interkulturell kommunikasjon

- kan vise innsikt i andre disiplinar som antropologi, økonomi, historie, internasjonal bedriftsøkonomi, medievitskap, statsvitskap og omsetjingsstudier, som byggjer djupare interkulturell forståing

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å analysere kinesiske og globale syn på framveksande sosiale, kulturelle og politiske fenomen og hendingar, som til dømes mikroblogg-postar om nasjonale og internasjonale utfordringar, kinesisk internett eller den virtuelle verda, og lærebøker, filmar og TV-program frå kinesisktalande område

- er i stand til å integrere ulike disiplinar for å kunne undersøke samtidige Kina-relaterte problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten

- kan skrive og framføre klart og tydeleg, ved å anvende effektive kommunikasjonsferdigheiter på heile kursets litteratur

- kan kjenne att ulike etiske dilemma og vite korleis best handtere dei

- kan anvende kunnskap og evner for å identifisere og handtere lokale eller globale autentiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i kinesisk språk, sinologi eller tilsvarande. Det er naudsynt med språklege ferdigheiter i kinesisk for å forstå kinesiskspråkleg materiale som datagrunnlag for analyse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i kinesiske studium ved Universitetet i Bergen. I tillegg er emnet ope for innreisande internasjonale studentar, med ei maksgrense på åtte studentar totalt på emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Dei primære undervisningsmetodane er førelesingar og seminar (til saman 24 timar over 12 veker). Studentane sine læringsaktivitetar inkluderer førebuingar, gruppeoppgåver, munnlege framføringar, sjølvstendig forskingsprosjekt og liknande. 

Kurset vert undervist på engelsk, med ein stor del døme frå tekstar og audiovisuelt materiale på kinesisk, slik som tidsskrift- og avisartiklar, bokutdrag, filmklipp og innlegg på sosiale medium. Kurshaldar vil nytte innovative pedagogiske verktøy og teknikkar for å setje studenten i stand til å utforske kinesisk samtidskultur og å analysere kinesiske og globale syn på framveksande sosiale, kulturelle og politiske fenomen og hendingar. 

Studentane ventast å førebu seg til førelesingane ved å lese litteraturen på litteraturlista, ved å gjere mindre heimeoppgåver og ved å tileigne seg nytt ordforråd for å forstå kinesiskspråkleg tekst og audiovisuelt materiale som vert nytta i undervisninga. Basert på dette vil studentsentrerte tilnærmingar slik som gruppeoppgåver eller framføringar verte halde for å utvikle studentane sine ferdigheiter i munnleg formuleringsevne og munnleg presentasjon i plenum. Studenten må òg gjere eit sjølvstendig forskingsarbeid knytt til hovudtematikkane i kurset. Forskingsarbeidet må utviklast til ein fullverdig rapport og leverast inn til endeleg vurdering. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta i minst 75% av undervisninga.

Studentane må sjølvstendig gjennomføre eit eige forskingsarbeid på eit sjølvvalt tema, med godkjenning av temaet frå kurshaldar. Rettleiing er obligatorisk.Obligatoriske oppgåver er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret, og alle obligatoriske oppgåver må vere ferdigstilt same semesteret.

Vurderingsformer

Endeleg vurdering skjer gjennom ei rettleiia semesteroppågva på engelsk og ein justerande munnleg eksamen. Oppgåva skal ha eit omfang på 2500 words (+/- 10%) (litteraturliste og liknande ikkje medrekna).

Tema for forskingsarbeidet er vald av studenten og må ha individuell godkjenning av kurshaldar, som òg gjev individuell rettleiing. Innhaldet kan vere eit innsiktsfullt samandrag eller kritisk gjennomgang av eit spesifikt tema knytt til tematikkane i kurset.

Den munnlege eksamenen har ein munnleg framføringsdel der det sjølvstendige forskingsarbeidet gjort i løpet av kurset vert lagt fram, og ei utspørjingsdel på om lag 10 minutt. I presentasjonen må studenten førebu eit oversiktsark til utdeling om hovudfunna i forskingsarbeidet, og presentere ved hjelp av Powerpoint eller tilsvarande digitale løysingar (Prezi, Google Slides eller liknande). Hovudaspekta vektlagt i vurderinga er soliditeten i forskingsarbeidet, og studenten sin evne til å framleggje funna på ein gjennomtenkt, velorganisert, konsis og effektiv måte innanfor den gjevne tidsgrensa, og vidare evna til å forsvare eigen argumentasjon i utspørjinga. Den munnlege prøva kan justere karakteren for semesteroppgåva opp eller ned med éin karakter.

Studenten må sjølv gjere seg kjent med reglane kring kjeldebruk og sitatskikk i skriftlege innleveringar. Ved brot på desse reglane kan studenten verte mistenkt for juks eller forsøk på juks.Studenten kan ta eksamenen om att påfølgande semester dersom  viss studenten har fullført alle obligatoriske arbeidskrav for emnet. I slike tilfelle vil det ikkje verte gjeve rettleiing.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne på munnleg eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Ei skreddarsydd liste over oppdatert litteratur innan feltet vert gjort digitalt tilgjengeleg.Litteraturlista kan variere noko frå semester til semester, i tråd med utviklingar av kjernedisiplinen og tilhøyrande akademiske krinsar i ulike geografisk-kulturelle kontekstar. 

Litteraturlista vil verte gjort tilgjengeleg innan 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for kinesisk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no   

Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no