Hjem
Studentsider
Masteremne

Interkulturell kompetanse

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKIN305
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og kinesisk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (når ressursane tillet det)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I ei globalisert verd med stadig meir interaksjon mellom samfunn er ferdigheiter i framandspråk blitt eit grunnleggjande krav i dei fleste yrkesmessige samanhengar. Språkferdigheiter er likevel berre eitt sett med kommunikasjonsferdigheiter som studentar i framandspråklege språkfag og anvendt lingvistikk treng å tileigne seg. Det har vorte stadig betre slege fast at interkulturelle kompetansar er ein nøkkelkvalifikasjon for dei som arbeider i kulturelt varierte miljø, anten i utlandet eller i heimlandet. Interkulturelle kompetansar er dei ferdigheiter, kunnskapar og eigenskapar som skapar gjensidig forståing og legg til rette for vellukka samarbeid mellom folk frå ulike etniske og kulturelle bakgrunnar.

I seminara vil studentane få avanserte kunnskapar om ulike aspekt ved kinesisk kultur og sosiale relasjonar, og analysere desse med samanlikning til deira eigne kulturelle og sosiale kontekstar. Spørsmål som kan bli tatt opp inkluderer: kvifor kan kinesarar ope kritisere lokale tenestefolk og embetsfolk på sosiale medium, men ikkje lage masseprotestar på tvers av administrative inndelingar? Kvifor vel mange unge kinesarar å ikkje gifte seg og få barn? Kallar folk frå Hong Kong og Taiwan seg for kinesarar, og om ikkje, kva grunnar finst det for det? Kvifor tek studentar i Kina ekstraundervisning om ettermiddagen etter skuletid heller enn å møte vener og sitje rundt eit bål ute i naturen? Er unge menneske i Kina og Taiwan meir røynde teknologibrukarar enn deira motpartar i vestlege land?

Ved å intensivt gå inn i kinesiskspråklege kjelder og nytte eit komparativt perspektiv vil studentane lære korleis deira eigne erfaringar og sosiale realitetar kan relaterast til deira kinesiske jamnaldringar, og andre. Kurset nyttar pedagogiske tilnærmingar, metodar og teknikkar som oppfordrar studentane til å aktivt involvere seg i å utforske, utfordre, reflektere og samarbeide. Studentane må utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit sjølvvald tema innanfor den generelle tematikken til emnet, og må førebu ein munnleg presentasjon av prosjektet til medstudentane, som grunnlag for diskusjon.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har utvikla ei grundig forståing for eit utval sosio-politiske aspekt ved Kina og den større sinofone verda i «Greater China», og avanserte kunnskapar om den dynamiske interaksjonen innan sosio-politiske endringar i «Greater China» gjennom det 20. og 21.århundret

- er i stand til til å samanlikne likskapar og skilnadar mellom kinesisk og norsk kultur og samfunn, og analysere korleis til dømes politiske og samfunnsmessige strukturar påverkar sosiale relasjonar og åtferd ulikt i Kina og i Noreg

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand  til å analysere og kritisk handtere ulike akademiske og ikkje-akademiske kjelder til informasjon, og nytte desse til å sjå likskapar og skilnadar mellom kinesarar og nordmenn på ein fordomsfri måte, og forstå perspektivet til den andre for å kunne sjå seg sjølv slik andre ser ein

- er i stand til reflektere over og gjere medviten samanlikning av eigne verdiar og haldningar opp mot kinesiske verdiar og haldningar, for å betre kunne forstå korleis dei konstruerer kvarandre

- er i stand til å forklare praksisane, verdiane og trussystema som mange menneske i «Greater China»-regionen og den sinofone sfæra deler, eller er usamde om, og reflektere attende til seg sjølv og kunne stille spørsmål ved eigne praksisar, verdiar og trussystem

Generell kompetanse

Studenten

- har utvikla eit tydeleg medvit om påverknaden frå politisk sosialisering på sosial åtferd og sosiale relasjonar

- har tileigna seg evne til å relatere til desse skilnadane og integrere dette i kommunikasjon- og samarbeidsstrategiar.  

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i kinesisk språk, sinologi eller tilsvarande. Det er naudsynt med språklege ferdigheiter i kinesisk for å forstå kinesiskspråkleg materiale som datagrunnlag for analyse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i kinesiske studium ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Dette kurset vert undervist på engelsk. Dei primære undervisningsmetodane er seminargrupper, til saman 24 timar over 12 veker. Kurshaldar nyttar pedagogiske metodar, tilnærmingar og teknikkar som oppmodar studentane til å vere aktivt involvert i å utforske, utfordre, reflektere og samarbeide. Dei viktigaste læringsaktivitetane kan vere å gjere omsetjingar, analysere sosiale medium, gruppelesing og reflekterande diskusjon og interkulturelle møter, ekskursjonar, gruppeoppgåver, medstudent-vurderingar, munnlege presentasjonar, og så bortetter.

Kurset byggjer på ei litteraturliste som er publisert før semesterstart og inneheldt ei liste med akademiske publikasjonar og andre skriftlege og audiovisuelle kjelder på ei rekke tema. For kvar undervisningsøkt vert studentane pålagt å førebu seg ut frå det obligatoriske undervisningsmateriellet og gjere mindre heimeoppgåver, for å kunne aktivt delta i livlege diskusjonar i undervisninga. Desse heimeoppgåvene kan vere å skrive eit «response paper» , førebu ei omsetjing, gjere eit intervju eller finne meir kjeldemateriell. For å forbetre studentane sine kinesiskkunnskapar og hjelpe dei få innsikt i dei offentlege samtalane i Kina, Hong Kong, Taiwan og diaspora-samfunna, vil kurset integrere eit breitt utval kinesiskspråklege kjelder.

Det vert forventa at studentane gjer seg kjent med nytt tematisk vokabular i forkant av undervisninga. Undervisningsmaterialet vil så verte gått gjennom og diskutert og evaluert i plenum for å ytterlegare klargjere den lingvistiske forståinga og kontekstualisere informasjonen. Kvar student vel eit tema frå litteraturlista og utfører eit avgrensa, sjølvstendig forskingsarbeid. Tema må vere basert på ei komparativ tilnærming som likestiller kinesiske og norske (eller andre) sosiale realitetar, verdiar eller trussystem. Studenten må halde ein munnleg presentasjon for medstudentane og leggje fram kva informasjon som er innhenta og reflektere over førebelse funn, og førebu relevante spørsmål som grunnlag for ein livleg debatt mellom deltakarane. Studenten skal òg gje tilbakemeldingar til medstudentar, og aktivt delta i diskusjonar i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta i minst 75% av undervisninga.

Studentane må utvikle og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit sjølvvald tema som er godkjent av emneansvarlig, må førebu og halde ein munnleg presentasjon for medstudentane og gjere andre, mindre øvingar heime i tråd med undervisningsplanen. Rettleiing er obligatorisk. 

Obligatoriske oppgåver er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret, og alle obligatoriske oppgåver må vere ferdigstilt same semesteret.

Vurderingsformer

Den endelege vurderinga er basert på ei rettleia semesteroppgåve på 3000 ord (+/- 10%) der studenten kan vise sine evner til å anvende forskingsmetodar for å samle og analysere data, kommunisere sin nyleg tileigna spesialistkunnskap på det sjøvvalde temaet innan kursets generelle rammeverk og reflektere kritisk over likskapar og skilnadar i praksisar, verdiar og trussystem mellom kinesiske og norske (eller andre) samfunn og kulturar. Ordgrensa er ikkje inkludert litteraturliste, bibliografi, ev. vedlegg.

Semesteroppgåva må skrivast på engelsk og følgje normene for akademisk skriving. Dei viktigaste vurderingspunkta for semesteroppgåva er grad av deskriptiv og forklarande kvalitet. Studenten må gjere seg kjent med reglane for kjeldebruk og siteringsteknikk. Ved brot på desse reglane kan studenten verte mistenkt for juks eller forsøk på juks.Studentar, som ikkje har levert inn i undervisningssemester, kan få eit nytt forsøk på å få godkjent semesteroppgåva i det påfølgande semesteret viss studenten har fullført alle obligatoriske arbeidskrav for emnet. I slike tilfelle vil det ikkje verte gjeve meir rettleiing. Viss studenten tek kurset om att, kan ikkje semesteroppgåva eller utkast til denne nytta i tidlegare semester, nyttast om att.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Ei skreddarsydd liste over oppdatert litteratur innan feltet vert gjort digitalt tilgjengeleg.Litteraturlista kan variere noko frå semester til semester, i tråd med utviklingar av kjernedisiplinen og tilhøyrande akademiske krinsar i ulike geografisk-kulturelle kontekstar. 

Litteraturlista vil verte gjort tilgjengeleg innan 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for kinesisk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no   

Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no