Hjem
Studentsider
Masteremne

Sjølvvalt emne

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKIN306
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og kinesisk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette emnet inneheldt eit sjølvstendig forskingsprosjekt på eit sjølvvalt emne innan det breie fagfeltet kinesiske studium.

Eit sjølvstendig studium gjev studenten moglegheit til å jobbe saman med eit medlem av den vitskaplege staben på eit utvald tema eller kreativt prosjekt. Idear til sjølvstendige studium kjem ofte innan eit kurs. Til dømes kan eit seminar om anvendt lingvistikk gje ein student interesse for språkarvsutdanning og be kurshaldar om å rettleie eit sjølvstendig studium påfølgjande semester som kun omhandlar denne tematikken. Studentane kan óg utvikle kreative prosjekt innan tema som er relevante for kinesisk språk, litteratur eller samfunn.

Studentane må søke om å ta emnet, og finne ein rettleiar for det sjølvvalte emnet. Rettleiaren bør helst vere ein vitskapleg tilsett på ein norsk eller kinesisk lærestad for høgare utdanning. Kurset må først diskuterast med, og godkjennast av, den vitskaplege staben på kinesiskstudiet på UiB.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har avanserte kunnskapar innan eit sjølvvald tema innanfor det breie feltet kinesiske studium

- har solide kunnskapar om teori og metode innan feltet

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å nytte kunnskap frå feltet til sjølvstendige undersøkingar knytt til eit spesifikt forskingsområde

- er i stand til å nytte yrkesmessig relevante metodar og vanlege digitale verktøy

-  er i stand til å sjølvstendig arbeide med forsking

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å presist og forståeleg presentere og diskutere forskingsmateriale

- er i stand til å tileigne seg ny  kunnskap på eit avansert akademisk nivå

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i kinesisk språk, sinologi eller tilsvarande. Det er naudsynt med språklege tamer (ferdigheiter) i kinesisk for å forstå kinesiskspråkleg materiale som datagrunnlag for analyse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i kinesiske studium ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Dette er eit prosjekt studenten gjennomfører sjølvstendig. Det vert gjeve inntil seks timar rettleiing frå rettleiar. Studenten og rettleiaren undersøker om det er mogleg å knyte prosjektet til forskingsseminar, kurs eller liknande, anten lokalt eller andre stader, for å auke læringsutbyta.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit obligatorisk krav å levere eigenutvikla litteraturliste til godkjenning innan ein gjeven frist kunngjort i Mitt UiB.

Utkast til prosjektrapport må òg leverast og godkjennast. Studenten er ansvarleg for å finne ein rettleiar, og må levere ein kort prosjektomtale som inneheldt ein tittel på prosjektet, ei forskingsrelevant problemstilling og ei litteraturoversikt på 800-1000 sider som studenten ikkje tidlegare har vorte gjeven som tilrådd eller obligatorisk litteratur i andre kurs. Rettleiar vil godkjenne prosjektomtale.

Søknad med vedlegg må sendast til institutt for framandspråk for godkjenning innan 1. mars i vårsemesteret. Obligatoriske arbeidskrav er kun gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

A term paper of approximately 3,000-3,500 words (not including appendices, footnotes and the reference list/bibliography) developed from the self-study project shall be submitted for assessment. The term paper must be written in English and follow the conventions of academic writing. The descriptive adequacy and explanatory adequacy of the paper will be the key aspects for assessment. 

The student should familiarize him/herself with the rules that apply to the use of sources and citations. If the rules are violated, the student may be suspected of cheating/attempted cheating.

The term paper is assessed in the independent study semester only. No retake assessment is arranged.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Studenten lagar ei individuell litteraturliste i samråd med rettleiar. Litteraturlista skal innehalde litteratur på 800 til 1000 sider i omfang, med allminneleg vanskegrad. Litteraturen kan ikkje overlappe med tilrådd eller obligatorisk litteratur frå kurs studenten har teke tidlegare. Litteraturlista må godkjennast av institutt for framandspråk.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no   

Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no