Sjølvvalt emne

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet inneheldt eit sjølvstendig forskingsprosjekt på eit sjølvvalt emne innan det breie fagfeltet kinesiske studium.

Eit sjølvstendig studium gjev studenten moglegheit til å jobbe saman med eit medlem av den vitskaplege staben på eit utvald tema eller kreativt prosjekt. Idear til sjølvstendige studium kjem ofte innan eit kurs. Studentane kan óg utvikle kreative prosjekt innan tema som er relevante for kinesisk språk, litteratur eller samfunn.

Studentane må søke om å ta emnet, og finne ein rettleiar for det sjølvvalte emnet. Rettleiaren bør helst vere ein vitskapleg tilsett på ein norsk eller kinesisk lærestad for høgare utdanning. Kurset må først diskuterast med, og godkjennast av, den vitskaplege staben på kinesiskstudiet på UiB.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har avanserte kunnskapar innan eit sjølvvald tema innanfor det breie feltet kinesiske studium

- har solide kunnskapar om teori og metode innan feltet

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å nytte kunnskap frå feltet til sjølvstendige undersøkingar knytt til eit spesifikt forskingsområde

- er i stand til å nytte yrkesmessig relevante metodar og vanlege digitale verktøy

- er i stand til å sjølvstendig arbeide med forsking

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å presist og forståeleg presentere og diskutere forskingsmateriale

- er i stand til å tileigne seg ny kunnskap på eit avansert akademisk nivå

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i kinesisk språk, sinologi eller tilsvarande. Det er naudsynt med språklege tamer (ferdigheiter) i kinesisk for å forstå kinesiskspråkleg materiale som datagrunnlag for analyse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i kinesiske studium ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Dette er eit prosjekt studenten gjennomfører sjølvstendig. Det vert gjeve inntil seks timar rettleiing frå rettleiar. Studenten og rettleiaren undersøker om det er mogleg å knyte prosjektet til forskingsseminar eller kurs, anten lokalt eller andre stader, for å auke læringsutbyta.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit obligatorisk krav å levere eigenutvikla litteraturliste til godkjenning innan ein gjeven frist kunngjort i Mitt UiB.

Utkast til prosjektrapport må òg leverast og godkjennast. Studenten er ansvarleg for å finne ein rettleiar, og må levere ein kort prosjektomtale som inneheldt ein tittel på prosjektet, ei forskingsrelevant problemstilling og ei litteraturoversikt på 800-1000 sider som studenten ikkje tidlegare har vorte gjeven som tilrådd eller obligatorisk litteratur i andre kurs. Rettleiar vil godkjenne prosjektomtale.

Søknad med vedlegg må sendast til institutt for framandspråk for godkjenning innan 1. mars i vårsemesteret. Obligatoriske arbeidskrav er kun gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Arbeidet i emnet skal resultere i ein semesteroppgåve på om lag 3000 til 3500 ord (vedlegg, fotnotar og litteraturliste ikkje medrekna) som kan leggast fram til vurdering. Semesteroppgåva må vere skriven på engelsk og følgje normar og konvensjonar for akademisk skriving.

Dei viktigaste vurderingspunkta er grad av deskriptiv og forklarande kvalitet. Studenten må gjere seg kjent med reglane for kjeldebruk og siteringsteknikk. Ved brot på desse reglane kan studenten verte mistenkt for juks eller forsøk på juks.

Semesteroppgåva vert berre vurdert i undervisningssemesteret. Det blir ikkje arrangert midtsemestereksamen i påfølgjande semester.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Studenten lagar ei individuell litteraturliste i samråd med rettleiar. Litteraturlista skal innehalde litteratur på 800 til 1000 sider i omfang, med allminneleg vanskegrad. Litteraturen kan ikkje overlappe med tilrådd eller obligatorisk litteratur frå kurs studenten har teke tidlegare. Litteraturlista må godkjennast av programstyret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.