Hjem
Studentsider
Masteremne

Kinesisk mastergradsoppgåve

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeKIN350
  • Talet på semester2
  • SpråkEngelsk, kinesisk, norsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Masteroppgåva utgjer den viktigaste delen av mastergrada, og vert normalt skrive over to semester med intensivt arbeid. Målet med masteroppgåva er å gjere studenten i stand til å utvikle djupare kunnskap, forståing, kapasitet og haldningar innan feltet kinesiske studier. Temaet for oppgåva kan i prinsippet veljast fritt etter dialog med rettlleiar, men vil i praksis verte avgrensa av kapasiteten til å rettleie for dei vitskapleg tilsette innan kinesisk på institutt for framandspråk. Tema og problemstilling bør vere knytt til ein av hovuddisiplinane innanfor fagfeltet kinesiske studier. Det er venta at studenten svarar på spesifikke forskingsspørsmål ved bruk av tenelege teoretiske og metodologiske perspektiv innan kinesiske studier.

Masteroppgåva må vere skriven på engelsk og vere 70-110 sider lang (med samla ordteljing mellom 25 000 og 40 000 ord).

Læringsutbyte

Ved fullført mastergrad har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

- vil ha vidareutvikla kunnskapane som studenten tidlegare har tileigna seg gjennom spesialiserte emner i kinesiske studier

- vil ha fått brei kunnskap om feltet generelt og detaljert kunnskap om ein utvalt subdisiplin

- vil ha fått kunnskap om sentrale problemstillingar og metodologiar innanfor det utvalde fagfeltet

Ferdigheiter

Kandidaten

- er i stand til å arbeide sjøvlstendig og langsiktig med problemløysing ut frå sine kunnskapar innanfor disiplinen

- er i stand til å handtere og kritisk vurdere teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagfeltet

- er i stand til å tileigne seg og anvende kunnskap innanfor nye subdisiplinar innanfor fagfeltet

- er i stand til å utføre eit avgrensa, rettleidd forskingsprosjekt i tråd med relevante forskingsetiske normer

- er kjent med normer og konvensjonar for akademisk skriving¿ er i stand til å nytte IKT-verktøy som er naudsynte for å utføre sjølvstendig arbeid innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten

- er i stand til å halde fram å utvikle sin kompetanse og si spesialisering på ein sjølvstendig måte

- kan formulere problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor studentens utvalde disiplin, på engelsk

- er kjent med relevante kommunikasjonssjangrar

- kan bidra til den offentlege samtalen på område som er relevant for fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i kinesisk språk, sinologi eller tilsvarande. Det er naudsynt med språklege ferdigheiter i kinesisk for å forstå kinesiskspråkleg materiale som datagrunnlag for analyse

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag for masteroppgåva er kursdelen av mastergradsstudiet i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i kinesiske studium ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva er vanlegvis skriven det tredje og fjerde semesteret i masterprogrammet i kinesiske studium. Det er inga anna undervisning desse semestera, og studenten vil gjere forskingsarbeid hovudsakleg i form av sjølvstendige studium, med full rettleiing frå rettleiar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten vert rådd til å velje eit tema for masteroppgåva så tidleg som råd i det andre semesteret.

Studentane mottek rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Ei rettleiingskontrakt som skildrar rettar og plikter for studenten vert signert mellom student, rettleiar og administrasjonen på instituttet.

Viss studenten treng meir enn to semester på å fullføre masteroppgåva, vil rettleiinga verte redusert.

Vurderingsformer

Kursdelen av masterstudiet må vere greidd før ein går opp til eksamen. Alle obligatoriske arbeidskrav må også vere oppfylte for at ein skal kunne gå opp til til eksamen.

Masteroppgåva er ei grundig analyse av eit sjølvvalt tema innanfor fagfeltet kinesiske studium. Den skal skrivast på engelsk og vere 70-110 sider lang (med total ordteljing på mellom 25 000 og 40 000 ord).

Den endelege vurderinga av masteroppgåva (vurdering av masteroppgåva og det påfølgande munnlege forsvaret) kan gjennomførast på starten og slutten av kvart semester. Fristane for innlevering er 01.februar og 15.mai i vårsemesteret og 01.september og 20.november i haustsemesteret.

Den munnlege prøva har tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren for masteroppgåva opp eller ned med éin karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant. 

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i KIN350 både i haust og vårsemesteret.

Litteraturliste

-

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for kinesisk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no   

Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no