Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i kinesisk språk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeKIN623
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Undervisning på nett og samling i Bergen

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer grunnopplæring i moderne mandarin. Mandarin er hovudspråket i mellom anna fastlands-Kina og Taiwan, og er inngangsporten til ei av verdas eldste sivilisasjonar. Det er det språket i verda som har flest morsmålsbrukarar.
Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal lære seg god uttale ved hjelp av transkripsjonssystemet Hanyu pinyin, eit grunnleggjande vokabular, samt eit visst tal skriftteikn.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne lese enkle tekstar og føre ein enkel samtale på mandarin.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

100% overlapp med KIN621 og med KIN101.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppearbeid.

Om lag 4 timer nettundervising per veke i 12 veker

Ei oppstartsamling i Bergen

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette kurset har jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei.

Vurderingsformer

Munnleg prøve på 15-20 minutt.

Det er moglegheit for å ta ny eksamen i påfølgjande vårsemester. For å kunne ta eksamen om våren, må dei obligatoriske oppgåvene vere godkjend i undervisningssemestra.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimediaverktøy.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt arbeid for å betre studiet blir kursets studieopplegg jamt evaluert, ma.a ut frå tilbakemeldingar frå studentane

Kontakt

Kontaktinformasjon

nettkinesisk@uib.no