Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kinesisk språk 2

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKIN624
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, 100-nivå.

Undervisningssemester

Undervisninga strekk seg over to semester, med oppstart om hausten og eksamen om våren.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer vidaregåande innføring i moderne mandarin.

Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal tileigne seg eit utvida vokabular og eit visst tal skriftteikn. Dei får øve seg i å skrive og bruke enkle og frekvente kinesiske teikn. Emnet gir og ein praktisk gjennomgang av grunntrekka i grammatikken.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne lese og skrive enkle tekstar, og føre samtalar om daglegdagse tema på mandarin.

Krav til forkunnskapar

KIN621/KIN101 eller tilsvarande kunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på etter- og vidareutdanning

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppearbeid.

Om lag 4 timer nettundervising per veke i 10 veker

Ei oppstartsamling i Bergen

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette kurset har jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei.

Vurderingsformer

SEksamen består av to delar:

1) Tre timar skriftleg eksamen i lesedugleik, grammatikk og skrivedugleik.

2) Ei munnleg prøve på kinesisk

Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester.

Skriftleg eksamen tel 60% og munnleg prøve tel 40% når den endelege karakteren vert fastsett.

Det er moglegheit for å ta eksamen i følgjande haustsemester. For å kunne ta eksamen om hausten, må dei obligatoriske oppgåvene vere godkjend i undervisningssemestra.

Karakterskala

Det vert nytta karakterskala gradert frå A til F.

Fagleg overlapp

100 % overlapp med emna KIN622 og KIN102

Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt arbeid for å betre studiet blir kursets studieopplegg jamt evaluert, m.a. ut frå tilbakemeldingar frå studentane.

Kontakt

Kontaktinformasjon

nettkinesisk@uib.no