Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kjemi i naturen

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Kurset skal gi studentar med svak kjemibakgrunn frå vidaregåande skule ein basis for vidare studium i kjemi eller andre realfag. Målet er å gi studentane ei forståing av korleis naturen og livet er bygd opp av kjemiske sambindingar Det er og eit mål at studenten skal få kjennskap til kjemiske prinsipp og prosessar som er sentrale for forståinga av andre naturvitskaplege fag.


Innhald:

Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapane og reaksjonane til stoff. Av tema som kan inngå nemnast: Atom og molekyl, periodesystemet, typar av sambindingar, namnsetjing, funksjonelle grupper, støkiometri (mol, konsentrasjon, gasstrykk), reaksjonstypar, kjemisk jamvekt, enkel varmelære.
Deler av pensumet kan bli illustrert med praktiske demonstrasjonsforsøk.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

  • Ha grunnleggjande kunnskap om korleis atomet er bygd opp
  • Ha grunnleggjande kunnskap om korleis stoff er sett saman (grunnstoff, ioniske og molekylære sambindingar, blandingar)
  • Ha grunnleggjande kunnskap om kvifor og korleis stoff kan omdannast mellom ulike former
  • Ha grunnleggjande kunnskap om bindingar mellom atom og krefter mellom molekyl
  • Ha grunnleggjande kunnskap om kjemiske reaksjonar.
  • Ha grunnleggjande kunnskapar om reversible prosessar.
  • Ha grunnleggjande kunnskapar om korleis kjemiske prosessar gjer seg gjeldande i naturen

Ferdigheter

  • Kunne utføre støkiometriske utrekningar.
  • Kunne finne molekylformlar og liknande ut frå oppgitte data om eit stoff.
  • Kunne bruka prinsippa for kjemiske likevekter til å finne likevekstkonstantar, likevektskonsentrasjonar m.m. for enkle reaksjonar.
  • Kunne greie ut om korleis reine stoff oppfører seg under ulike betingelser (faseoppførsel)
  • Kunne nyttegjere seg løyseligheitstabellar for å kvalitativt beskrive utvalde reaksjoner.
  • Kan gjere greie for korleis grunnstoffa kan settast opp i eit periodisk system, og kan forklare den periodiske variasjon for utvalde atomegenskapar

Generell kompetanse:

  • Forstå engelsk faglitteratur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT101, kan lesast parallelt.

Studiepoengsreduksjon

K101: 10stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvier

Forelesningar: 4 timer pr veke i X veker

Kollokvier: 2 t per veke i X veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innleveringsoppgåver (gyldige i 5 påfølgande semester).

Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på:

  • Midtsemestervurdering (2t) (tel 30% av endeleg karakter)
  • Skriftleg slutteksamen (4t) (tel 70% av endeleg karakter)


Utfyllande eksamensreglar:

1. Obligatorisk innlevering er gyldig i 5 påfølgande semester.
2. Midtsemestervurdering og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.
3. I semester med undervisning:
a) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
b) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare semester kan

Enten:
I) Etter skriftleg melding til instituttet innan fristen for eksamensoppmelding, delta i mappeevalueringa, og må då gjennomføre alle delane av mappeevalueringa inneverande semester, inkludert midtsemestervurdering og avsluttande eksamen.

Eller
II) Berre avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå denne eksamen utgjer då heile karaktergrunnlaget.

4. I semester utan undervisning:
a) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering kan ta avsluttande eksamen, som då utgjer karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare kan ikkje avlegge eksamen.



Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidligere emneevalueringar:

https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    26.02.2018, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    12.02.2018
    Sted
  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    26.02.2018, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    12.02.2018
    Sted