Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kjemi grunnkurs

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKJEM109
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår. Går første gang våren 2023.

Emnet har eit avgrensa tal plassar som inngår i undervisningsopptaket.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi en innføring i korleis kjemi kan brukas til å beskrive stoffer og prosessar i naturen og korleis ein kan anvende denne kunnskapen i naturvitskapane. Emnet skal formidle forståing for kjemiske stoffers oppbygging og eigenskaper, og korleis stoff inngår i ulike kjemiske reaksjonar.

Emnet tar opp tema som: Kjemisk likevekt, tilstandslikningar, energi, entropi, eigenskapar til stoff i ulike tilstandar og i løysning, reaksjonshastighet, kjemisk binding, og eigenskaper til syrer og baser. Det inngår ein laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet, og som gir øving i eksperimentelt arbeid og korleis ein skal rapportere dei oppnådde resultata.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om oppbygging av stoff
  • har grunnleggjande kunnskap om eigenskapar til stoff og reaksjonar disse inngår i
  • kan beskrive bindingsforhold i molekyler
  • kjenner til de viktigaste eigenskapane ved en kjemisk likevekt
  • kan gje ei beskriving av eigenskapar til syrer og baser.
  • kjenner til energiomdanning i kjemiske reaksjoner
  • har grunnleggjande kunnskap om hastighet til kjemiske reaksjonar
  • kan gje ein beskriving av ulike stoffers løyselighet.

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan utføre støkiometriske utrekningar.
  • Kan bruka prinsippa for kjemiske likevekter til å finne likevekstkonstantar, likevektskonsentrasjonar m.m. for enkle reaksjonar.
  • Kan utføre enkle termodynamiske utrekningar
  • Kan gjennomføre forsøk i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår engelsk faglitteratur
  • Kan rapportere skriftleg formål, utføring og resultat av eit laboratorieforsøk
  • Kan kritisk vurdere resultata frå eit forsøk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

K101: 10 studiepoeng

KJEM110: 10 studiepoeng

FARM110: 10 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvier

Forelesningar: 4 timer pr veke i 15 veker

Labkurs: 6 timer pr veke i 4 veker

Kollokvier: 2 t per veke i 15 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (4 labdagar) med journal og innleveringsoppgåver (gyldige i 6 påfølgande semester).

Godkjend HMS-kurs. Dette kan takast same semester i forkant av KJEM109 -undervisninga. Obligatorisk oppmøte på fyrste forelesing.

Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på:

  • Obligatorisk innleveringsoppgåve (godkjent/ikke godkjent)
  • Laboratoriekurs (20% av karaktergrunnlaget)
  • Midtsemestervurdering (2t) (20% av karaktergrunnlaget)
  • Skriftleg slutteksamen (4 timar) (60% av karaktergrunnlaget)

Utfyllande eksamensregler:

1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 6 påfølgande semester.

2. Midtsemestervurdering, karaktergrunnlag frå laboratoriekurs og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.

3. I semester med undervisning:

a) Studentar utan godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.

b) Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå avsluttande eksamen utgjer heile karaktergrunnlaget.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidligere emneevalueringar:

https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.