Kjemi grunnkurs
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeKJEM109
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår. Går første gang våren 2023.
Emnet har eit avgrensa tal plassar som inngår i undervisningsopptaket.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Målet med emnet er å gi en innføring i korleis kjemi kan brukas til å beskrive stoffer og prosessar i naturen og korleis ein kan anvende denne kunnskapen i naturvitskapane. Emnet skal formidle forståing for kjemiske stoffers oppbygging og eigenskaper, og korleis stoff inngår i ulike kjemiske reaksjonar.
Emnet tar opp tema som: Kjemisk likevekt, tilstandslikningar, energi, entropi, eigenskapar til stoff i ulike tilstandar og i løysning, reaksjonshastighet, kjemisk binding, og eigenskaper til syrer og baser. Det inngår ein laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet, og som gir øving i eksperimentelt arbeid og korleis ein skal rapportere dei oppnådde resultata.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om oppbygging av stoff
- har grunnleggjande kunnskap om eigenskapar til stoff og reaksjonar disse inngår i
- kan beskrive bindingsforhold i molekyler
- kjenner til de viktigaste eigenskapane ved en kjemisk likevekt
- kan gje ei beskriving av eigenskapar til syrer og baser.
- kjenner til energiomdanning i kjemiske reaksjoner
- har grunnleggjande kunnskap om hastighet til kjemiske reaksjonar
- kan gje ein beskriving av ulike stoffers løyselighet.
Ferdigheiter
Studenten
- Kan utføre støkiometriske utrekningar.
- Kan bruka prinsippa for kjemiske likevekter til å finne likevekstkonstantar, likevektskonsentrasjonar m.m. for enkle reaksjonar.
- Kan utføre enkle termodynamiske utrekningar
- Kan gjennomføre forsøk i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre
Generell kompetanse
Studenten
- forstår engelsk faglitteratur
- Kan rapportere skriftleg formål, utføring og resultat av eit laboratorieforsøk
- Kan kritisk vurdere resultata frå eit forsøk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar og teambasert læring.
Forelesningar: 4 timer pr veke i 15 veker
Labkurs: 6 timer pr veke i 4 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (4 labdagar) med journal og innleveringsoppgåver (gyldige i 6 påfølgande semester).
Godkjend HMS-kurs. Dette kan takast same semester i forkant av KJEM109 -undervisninga. Obligatorisk oppmøte på fyrste forelesing.
Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Mappeevaluering der karakteren er basert på to element:
- Poeng frå individuelle testar og innleveringar undervegs i samband med gruppeundervisning (vekt 25%)
- Ein skriftleg avsluttande skuleeksamen med fleirvalsoppgåver (4 timar, vekt 75%) som ein må bestå for å bestå emnet.
Studentar som består vurderingselement nr. 2 får ein bokstavkarakter basert på begge vurderingselementa, vekta slik som i lista ovanfor.
Utfyllande eksamensreglar:
1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 6 semester, inkludert inneverande semester.
I semester med undervisning:
- Studentar utan godkjend laboratoriekurs og/eller innleveringsoppgåver frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
- Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåver frå tidlegare semester må avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå avsluttande eksamen utgjer heile karaktergrunnlaget.
I semester utan undervisning:
- Studentar med godkjente obligatoriske arbeidskrav frå tidlegare semester kan avlegge eksamen.
- Studentar utan godkjente obligatoriske arbeidskrav frå tidlegare semester kan ikkje avlegge eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidligere emneevalueringar:
Kontakt
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Mappevurdering
- Trekkfrist
- 01.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 15.06.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 3. etg., SOL 4. etg.