Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kjemi og energi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapar og reaksjonar til stoff, og dette emnet introduserer kjemien sine tre aspekt ut frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og naturen. Av tema som inngår kan nemnast: Tilstandslikningar, energiomgrep (entalpi, fri energi), entropi, elektrokjemi, eigenskapar til stoff i ulike tilstandar og i løysning, reaksjonskinetikk og kjernekjemi. Det inngår ein laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet og gir øving i eksperimentelt arbeid.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM110 skal studenten:

Kunnskapar

  • ha grunnleggjande kunnskap om oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til stoff ut frå eit fysikalsk perspektiv
  • ha grunnleggjande kunnskap om struktur og bindingsforhold i atom og molekyl

Ferdigheiter

  • gjere utrekningar ved hjelp av fysikalsk-kjemiske lover og likningar
  • gjennomføre forsøk i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre
  • rapportere skriftleg formål og utføring av eit laboratorieforsøk og vurdere resultata frå forsøket i ein laboratoriejournal

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår engelsk faglitteratur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar tilsvarande pensum i kjemi i vidaregåande skule (Kjemi 1) er forutsatt kjent.

Studiepoengsreduksjon

K101: 10 studiepoeng. FARM110: 10 studiepoeng. KJEM109: 10 studiepoeng.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

https://www.uib.no/matnat/52646/studere-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Les meir info:https://www.uib.no/matnat/53575/undervisningsopptaket-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriekurs og kollokvier.

Forelesningar: 4 timer pr veke i 15 veker

Labkurs: 6 timer pr veke i 5 veker

Kollokvier: 2 t per veke i 15 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (5 labdagar) med journal og innleveringsoppgåver (gyldige i 5 påfølgande semester).
  • Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på nettstad: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
  • Obligatorisk oppmøe på fyrste forelesing
  • Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette frister for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgong til avsluttande eksamen i emnet. Obligatoriske innleveringar skal vere eige arbeid
  • Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset,
  • Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester) på å gjennomføre laboratoriekurset.

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på:

  • Obligatorisk innleveringsoppgåve (bestått/ikkje bestått)
  • Laboratoriekurs (20% av karaktergrunnlaget)
  • Midtsemestervurdering (2t) (20% av karaktergrunnlaget)
  • Skriftleg slutteksamen (4 timar) (60% av karaktergrunnlaget)

Utfyllande eksamensregler:

1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 5 påfølgande semester.

2. Midtsemestervurdering, karaktergrunnlag frå laboratoriekurs og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.

3. I semester med undervisning:

a) Studentar utan godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.

b) Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå avsluttande eksamen utgjer heile karaktergrunnlaget.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidegare emneevalueringar:

https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten å studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar@kj.uib.no

Tlf. 55 58 34 45

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering + skriftleg eksamen

    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    15.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen

      Dato
      01.03.2023, 09:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted
    • Eksamensdel: Midtsemestereksamen

      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen