Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kjemi og energi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeKJEM110
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapar og reaksjonar til stoff, og dette emnet introduserer kjemien sine tre aspekt ut frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og naturen. Av tema som inngår kan nemnast: Tilstandslikningar, energiomgrep (entalpi, fri energi), entropi, elektrokjemi, eigenskapar til stoff i ulike tilstandar og i løysning, reaksjonskinetikk og kjernekjemi. Det inngår ein laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet og gir øving i eksperimentelt arbeid.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM110 skal studenten:

Kunnskapar

  • ha grunnleggjande kunnskap om oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til stoff ut frå eit fysikalsk perspektiv
  • ha grunnleggjande kunnskap om struktur og bindingsforhold i atom og molekyl

Ferdigheiter

  • gjere utrekningar ved hjelp av fysikalsk-kjemiske lover og likningar
  • gjennomføre forsøk i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre
  • rapportere skriftleg formål og utføring av eit laboratorieforsøk og vurdere resultata frå forsøket i ein laboratoriejournal

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår engelsk faglitteratur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar tilsvarande pensum i kjemi vidaregåande skule er forutsatt kjent.

Studiepoengsreduksjon

K101: 10 studiepoeng.
FARM110: 10 studiepoeng.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

https://www.uib.no/matnat/52646/studere-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Les meir info:https://www.uib.no/matnat/53575/undervisningsopptaket-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriekurs og kollokvier.

Forelesningar: 4 timer pr veke i 15 veker

Labkurs: 6 timer pr veke i 5 veker

Kollokvier: 2 t per veke i 15 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (5 labdagar) med journal og innleveringsoppgåver(gyldige i 6 påfølgande semester).

Godkjend HMS-kurs. Dette kan takast same semester i forkant av KJEM110-undervisninga. Obligatorisk oppmøte på fyrste forelesing.

Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på:

  • Obligatorisk innleveringsoppgåve (bestått/ikkje bestått)
  • Laboratoriekurs (20% av karaktergrunnlaget)
  • Midtsemestervurdering (2t) (30% av karaktergrunnlaget)
  • Skriftleg slutteksamen (4 timar) (60% av karaktergrunnlaget) 

Utfyllande eksamensregler:

1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 6 påfølgande semester.

2. Midtsemestervurdering, karaktergrunnlag frå laboratoriekurs og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.

3. I semester med undervisning:

a) Studentar utan godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.

b) Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må avlegge avsluttane eksamen. Resultatet frå avsluttande eksamen utgjer heile karaktergrunnlaget.  

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. Denne er seint i semesteret.

Det vert arrangert sykeeksamen for studentar med gyldig fråvær foregåande semester. Sykeeksamen vert arrangert tidleg i det påfølgjande semester og må søkjast om. Les meir her:

https://www.uib.no/matnat/116086/gyldig-fråvær-på-eksamen-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidegare emneevalueringar:

https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar@kj.uib.no

Tlf. 55 58 34 45