Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Eksperimentell uorganisk kjemi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår. Vart undervist siste gong våren 2022. Siste gong eksamen blir gitt er i februar 2023.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål å gje ei vidare innføring og oversikt over grunnleggjande uorganisk kjemi illustrert saman og parallelt med eksperimentell karakterisering av stoffkjemi og metallkompleks. Laboratoriekurset er to-delt: dels illustrerer det bruken av og eigenskapar hos forskjellige uorganiske stoff som funksjon av pH og kjemisk miljø, og dels lærer studentane å klassifisere og identifisere uorganiske ion i utleverte prøver. Laboratoriekurset gir ein kunnskapsbasert illustrativ gjennomgang av trendar og reaksjonstypar, frå dei tidlege kjemiske elementa og til d-metallkompleks.

I tillegg understrekar kurset utvalde generelle og innleiande omgrep frå molekylær symmetri, nomenklatur, geometri, koordineringsmodi, og krystall- og ligandfeltteori for d-metallkompleks. Emnet gir grunnleggjande kunnskapar i spektroskopi, inkludert ei forståing av korleis spektroskopi kan nyttast til å bestemme energiovergangar og strukturelle tilhøve i molekyl.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • har praktisk kjennskap til kvantitativ analyse og syntese av uorganiske sambindingar
  • har grunnleggjande kunnskapar om vesentlege omgrep og teoriar om molekylær symmetri for uorganiske stoff og relevansen som dette har for eksperimentell spektroskopisk karakterisering
  • har kunnskap om nomenklatur, formular, koordineringsmodi, geometriar, reaksjonslikningar og grunnleggjande uorganiske reaksjonstypar, kunnskap om kjemiske bindingar og teoriar som forklarar elektroniske eigenskapar hos d-metallkompleksa ut frå metallet si plassering i det periodiske systemet og ligandane sine eigenskapar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for dei viktigaste og vanlegaste metodane for eksperimentell karakterisering av uorganiske sambindingar
  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk laboratoriearbeid og kan dokumentere eksperimentelle resultat gjennom rapportskriving
  • kan utføre enkle syntesar av typiske uorganiske sambindingar
  • kan bruke relevante teoriar, eksperimentelle metodar og analyseverktøy for identifisering, kvantifisering og strukturoppklaring av kjemiske sambindingar
  • kan gjennomføre ei avgrensa undersøking av eit kjemisk problem på ein vitskapleg måte og analysere og tolke resultata i lys av relevant teori
  • kan vurdere eigne og andre sine produkt og resultat, mellom anna med omsyn på uvisse og feilkjelder
  • kan vurdere ulike aspekt av helse, miljø og sikkerheit (HMS), kan trygt handtere kjemisk stoff basert på kunnskap om stoffa sine eigenskapar og aktuelle risikofaktorar, og kan vurdere risiko ved bruk av desse sambindingane

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formulere nye hypotesar og vurdere dei i lys av eksperimentelle resultat
  • kan konkretisere og verifisere teoretisk kunnskap ved hjelp av eksperiment
  • kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre innanfor praktisk laboratoriekjemi

Krav til forkunnskapar

(KJEM100) KJEM110, KJEM120

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

K102: 2 stp, K241: 2 stp, KJEM121: 4 stp, KJEM122: 5 stp.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet: http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar:

2 forelesningar à 2 timar pr veke (totalt 4 timar pr veke)

Laboratoriekurs:

9 dagar à 6 timar i løpet av kurset (fordelt over semesteret)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Laboratoriekurs med journalføring.
  • Elektronisk innlevering av laboratoriejournal.
  • Obligatorisk oppmøte på lab-forelesninger.
  • Gjennomførte obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 påfølgande semester.
  • Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
  • Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgong til avsluttande eksamen i emnet. Obligatoriske innleveringar skal vere eige arbeid.
  • Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
  • Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester) på å gjennomføre laboratoriekurset.

Vurderingsformer

Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande skriftleg eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

a) Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A - F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.Siste eksamen blir gitt våren 2023 (tidleg i semesteret).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikriingssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Kjemisk institutt

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@kj.uib.no

Tlf 55 58 34 45

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    20.02.2023, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    06.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted