Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Organisk syntese og analyse

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi en innføring og oversikt over grunnleggande metodar og prosedyrar for syntese av organiske sambindingar med bruk av utstyr i mikro- og halvmikroskala. Syntesane skal vise korleis organiske reaksjonar dannar basis for industriell verksemd som til dømes farmasøytisk industri, matvareindustri, dyrehelse, elektronikk, flavour & fragrance og andre industriar basert på organiske finkjemikaliar. Emnet vil gje ei enkel innføring i analytisk organisk kjemi ved bruk av kvalitative analyser samt infrarød- (IR) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi for strukturanalyse av organiske sambindingar. Eksperimentelt laboratoriearbeid med moderne syntetiske reaksjonar vil illustrere kva organisk kjemi betyr for samfunnet.

 

Innhald:

  • Utføre analyse av organisk synteseprosedyrar og utarbeide flytskjema for å identifisere kritiske/ avgjerande punkter i denne
  • Utføre eit utval kjemiske reaksjonar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske sambindingar.
  • Skrive reaksjonsskjema og mekanismar for eit utval viktige reaksjonar nytta i organisk syntese.
  • Nytta forskjellige apparat og glasutstyr i organisk synteselaboratorium
  • Skrive syntesetabellar, berekne utbytte, identifisere avgrensande reaktant(ar)
  • Samanfatting av eksperimentelle resultat i laboratorierapport.
  • Arbeid i samsvar med dei grunnleggjande reglane for helse, miljø og sikkerheit (HMS) som finst for virke i laboratorium for organisk kjemi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar i å utføre syntese av organiske sambindingar i laboratorie skala
  • har grunnleggjande kunnskapar i å isolere og reinse syntetiserte organiske sambindingar
  • har grunnleggjande kunnskapar i å karakterisera organiske sambindingar ved hjelp av infrarød- (IR) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi

Ferdigheiter

Studenten

  • har grunnleggande ferdigheter i utføre syntese av organiske sambindingar i laboratorieskala
  • har grunnleggande ferdigheter i isolering og oppreinsking av organiske synteseprodukt
  • har grunnleggande ferdigheter i å tolke IR- og NMR-spektra
  • kan utarbeide flytskjema til bruk i å identifisere kritiske/avgjerande punkt i ein organisk synteseprosedyre
  • kan utarbeid reaksjonsskjema ved hjelp av egna programvare

Generell kompetanse

Studenten

  • har ferdigheter og kunnskapar om HMS i kjemisk laboratorium
  • kan verifisere teoretisk og eksperimentell kunnskap ved å planlegge og utføre eksperimenter i laboratoriet
  • kan arbeide praktisk i laboratoriet både sjølvstendig og i gruppe og kan dokumentere og formidle dei oppnådde resultata gjennom rapportskriving

Krav til forkunnskapar

KJEM110/FARM110

Tilrådde forkunnskapar

KJEM130/FARM130.

Kurset KJEM131/FARM131 er basert på at studentane har kunnskapar i organisk kjemi som tilsvarar nivå frå KJEM130/FARM130.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt i form av forelesingar og laboratoriearbeid.

Forelesninger, 4 timer i uken i 8 uker.

Laboratoriearbeid, 6 timer i uken i 9 uker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på utvalde forelesingar (HMS, rapportskriving).


Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Laboratoriekurs med godkjent laboratorierapport.

Utfyllande eksamensreglar:
1. Gjennomført laboratoriekurs og godkjent journal gjev rett til å gå opp til eksamen i påfølgande 5 semester.

2. I semester med undervisning, kan
a. Studentar med godkjend laboratoriekurs frå tidlegare semester gå opp til teorieksamen.

b. For studentar utan godkjent laboratoriekurs frå tidlegare semester, må både laboratoriekurs og skriftleg eksamen gjennomførast.

3. I semester utan undervisning, kan
a. Studentar med godkjend laboratoriekurs frå tidlegare semester gå opp til teorieksamen.
b. Studentar utan godkjent laboratoriekurs kan ikkje avleggja eksamen.


Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen (4 timar, tel 100% av karaktergrunnlaget)


Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K103: 5stp, K234: 5stp, K234A: 5stp, FARM131: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    11.12.2020, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    27.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen