Hjem
Studentsider
Masteremne

Miljøkjemi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som hovudtema:
(I) Energiproduksjon
(II) Kjemiske reaksjonar i atmosfæren
(III) Vatnkjemi og vatnforureining
(IV) Kjemiske forhold i biosfæren
(V) Innflytelse av skadelege stoff i miljøet- både naturlige og menneskeskapte (industri, jordbruk, transport, energiproduksjon etc.).

Konkrete tema: Bruk av fossilt brensel, gasskraftverk, kjernekraft, kjemikalier ved oljeutvinning, drivhuseffekt, ozon-kjemi, sur nedbør, eutrofiering, pestisid i jordbruk, hormonhemmarar i miljøet, generell industriell forureining (PCB, PAH, KFK, dioxin).

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM202 skal studenten:

Kunnskap

  • Ha kunnskap om sentrale temaer, teoriar og problemstillingar og kunne beskrive viktige kjemiske reaksjonar i atmosfæren og i vatn, inkludert viktige kjemiske reaksjonar i samband med smogdanning, ozon-kjemi og sur nedbør kjemi.

Ferdigheitar

  • finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling innen fagområdet
  • skissere det molekylære grunnlaget for drivhuseffekten.
  • kjenne til vatn kjemi og vatn forureining.
  • ha kjennskap til problem i samband med bruk av fossilt brensel.
  • kjenne til alternative energikjelder.
  • kjenne til viktige pesticid.
  • identifisere miljøgifter som PCB, PAH, KFK, PCDD og PCDF.
  • gje ei oversikt over sambindingar med hormonforstyrrande effekt.

Generell kompetanse

  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

KJEM110 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

KJEM100, KJEM120, KJEM130

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvier

Forelesningar og kollokvier: 4 timer pr veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på fyrste forelesing.

Vurderingsformer

Grunna situasjonen med koronavirus vert eksamen våren 2020 digital skriftleg eksamen heime. Avsluttande eksamen tel 100% av karakteren i emnet.

Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Karakterskala bestått/ikkje bestått i staden for A-F
  • Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglement.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for emner med undervisning i vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Skriftlig eksamen vil ikke foregå på campus våren 2020. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    25.05.2020, 09:00
    Varigheit
    4.5 timer
    Trekkfrist
    11.05.2020
    Andre opplysninger
    jf koronavirus situasjonen vert eksamen gjennomført som digital skriftleg skuleeksamen-heime våren 2020.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen