Petroleumskjemi og biodrivstoff
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeKJEM203
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Kvar andre haust. Haust 2021 var siste semester emnet vart undervist.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi ein brei innføring i kjelder til petroleumprodukt og fornybare drivstoff, og gje ein oversikt over dei kjemiske prosessane som nyttas i produksjon av motordrivstoff og andre petroleumsbaserte produkt eller tilsvarande fornybare alternativ. Emnet skal formidle forståing for variasjon og kompleksitet i heile kjeda frå råstoff, framstilling av produkt og bruk av desse ressursane.
Innhald:
Kurset går gjennom den kjemiske samansetnaden og dei fysiske eigenskapane til petroleum og bio-drivstoff. Prosesser for produksjon av fornybare drivstoff frå ulike råstoff vert også gjennomgått. I tillegg vert metodar for fraksjonering og analyse av olje- og gass presentert, saman med det kjemiske grunnlaget for dei vanlegaste raffineringsmetodane og ei oversikt over produktspekteret frå raffinering av olje. Ulike mål for kvalitet av petroleumsressursar vert gjennomgått. Vidare vert utvalde aktuelle tema presentert, eksempelvis omfang av petroleumsressursar, ukonvensjonelle energikjelder, oljeforureining og gasshydrat. Eit litteraturbasert gruppearbeid innan energiressursar eller produksjon og kjemisk karakterisering av petroleumsprodukt eller biodrivstoff inngår i kurset.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan gjere greie for kjemisk samansetnad og fysiske eigenskapar til petroleum, petroleumsprodukt og fornybare drivstoff
- kjenne kriteria for kvalitet på petroleumsprodukt og fornybare drivstoff
- Kan gje ei oversikt over det kjemiske grunnlaget for sentrale prosessar for produksjon og raffinering av drivstoff
- gjere greie for ressurssituasjonen for petroleum og alternative fornybare ressursar
Ferdigheiter
Studenten
- kan innhente informasjon og sjølvsendig vurdere problemstillingar omkring prosesser for produksjon og bruk av petroleumsprodukt frå ulike kjelder og ulike typar fornybare drivstoff
Generell kompetanse
Studenten
- finne og presentere vitskapeleg basert informasjon om eit aktuelt emne innafor petroleumskjemi/fornybare drivstoff
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
K203: 10stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriegrupper. seminar, ekskursjon osb.
List opp alle formene og innholdet i disse.
Aktivitet/ Tal på timar pr. veke
Aktivitet/ Tal på veker
Laboratoriearbeid, 2 timer i uken i 8 uker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Prosjektoppgåve med munnleg presentasjon. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4t).
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31
Kontakt
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 01.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen