Hjem
Utdanning
Masteremne

Kjemisk termodynamikk

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Kurset har som mål å gi grunnleggande kunnskap innan teoretisk og anvend termodynamikk utifrå eit kjemisk perspektiv.

Innhald:

Emnet inneheld ei grundig beskriving av termodynamikkens lover, samt utvalte emne innan reaksjonskinetikk. Emnet bygger vidare på termodynamiske og kinetiske grunnomgrep introdusert i KJEM110. Emnet omhandlar mellom anna kjemisk likevekt, faselikevekter, fasediagram (overgangar mellom gass, væske og faste stoff ), eigenskapar av væskeblandingar og løysingar av stoff i væsker. Kurset inneheld ein laboratoriedelen der nokre delar av det teoretiske pensumet vert illustrert. Laboratoriekurset gir også øving i berekning og vurdering av usikkerheit i kvalitative måledata.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere reie for termodynamiske lover, storleiker og funksjonar og deira praktiske tyding
  • utlede viktige termodynamiske samanhengar
  • utføre numeriske berekningar av termodynamiske storleiker
  • anvende termodynamiske prinsipp til å analysere praktiske problemstillingar
  • utlede hastigheitsutrykk for enkel reaksjonar og vurdere gyldigheten av reaksjonsmekanismar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke Excel til å arbeide med og gi en grafisk framstilling av måleresultat
  • dokumentasjon av laboratorieforsøk

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle og vurdere resultat frå kjemisk laboratorieforsøk
  • vurdere usikkerheita i kvantitative måledata

Krav til forkunnskapar

KJEM110

Tilrådde forkunnskapar

MAT101

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av førelesningar, rekneøvingar og laboratorieundervisning

Førelesningar, 4 timar pr. veke i 12 veker

Rekneøvingar, 4 timar pr. veke i 10 veker

Laboratoriearbeid, 6 timer i uken i 3 uker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på dei to første forelesingane.

Laboratoriekurs m/rapport og lab.-førebuing. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 9 påfølgande semester.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.


Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t).

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K104: 10stp, K104A: 10stp, FARM210: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.  

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    03.12.2019, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    19.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen