Hjem
Utdanning
Masteremne

Overflate- og kolloidkjemi

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Kurset har som mål å gi grunnleggande kunnskap i overflate- og kolloidkjemi utifrå eit fysikalsk-kjemisk perspektiv.

Innhald:

Emnet inneheld ei grundig beskriving av grenseflatefenomen der sentrale tema er overflatespenning, grenseflatespenning, adsorpsjon, kapillaritet, fukt, kontaktvinkel samt elektrostatiske eigenskapar til grenseflater. Kolloidale system vert grundig beskriven og mekanisme for kolloidal stabilitet samt vekselverknad mellom kolloidale partiklar blir gjennomgått. Vidare omhandlar kurset struktur og eigenskapar til sjølv-assosierande amfifile molekyler, kalla surfaktantar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • definere og forklare overflate- og grenseflatefenomen.
  • definere og greia ut om ulike typer av kolloidale system.
  • greie ut om vekselverknad mellom kolloidale partiklar og forklare kolloidal stabilitet og ustabilitet.
  • greia ut om struktur og eigenskapar hos sjølv-assosierande system.
  • utføre numeriske beregninger av fysikalsk-kjemiske storleiker.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gi en grafisk framstilling av eksperimentelle måleresultat
  • vurdere eksperimentelle data i forhold til relevant teori
  • bruke relevant teori til å analysere praktiske problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere over ulike løysingar for eit konkret problem.
  • uttrykkje seg på ei faglig korrekt måte.

Krav til forkunnskapar

KJEM110, KJEM210, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av førelesningar og rekneøvingar

Totalt 4 timar pr. veke i 14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t).

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K214: 10 stp, K214A: 10 stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    21.11.2019, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    07.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen