Hjem
Studentsider
Masteremne

Molekylmodellering

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei oversikt over ulike molekyl-baserte berekningsmodellar som er aktuelle for å undersøke eit vidt spekter av kjemiske eigenskapar. Studentane vert først introdusert til modellar basert på klassisk fysikk: molekylmekanikk og molekyldynamikk. Dette er metodar som har atomet som minste eining og som er velegna til studium av store molekyl. Deretter vert det fokusert på modellar som har elektronet som minste eining, og som dermed må ta i bruk kvantemekanikk. Studentane får ei enkel innføring i molekylorbitalbaserte metodar (Hückel, Hartree-Fock og DFT) og nyttar desse til å beskrive og diskutere kjemisk binding, struktur og reaktivitet. Studentane vil bruke eksisterande programvare til å gjere eigne berekningar av molekylære eigenskapar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM220 skal studenten kunne:

  • formulere grunnlaget for og dei viktigaste approksimasjonane i sentrale molekylære berekningsmodellar.
  • velje berekningsmetode i ulike kjemiske problemstillingar.
  • nytte moderne fagspesifikk programvare på gjevne problemstillingar.
  • vurdere berekningsresultat kritisk.

Krav til forkunnskapar

KJEM110, MAT101/MAT111 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

KJEM110, KJEM120, KJEM130, MAT101

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Øvingsoppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 påfølgande semester.

Vurderingsformer

Grunna situasjonen med koronavirus vert eksamen våren 2020 digital munnleg eksamen. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 6 påfølgande semester.
Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar


Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K220: 10 stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Muntlig eksamen

    Dato
    11.05.2020, 13:00
    Varigheit
    0.5 timer
    Trekkfrist
    01.05.2020
    Andre opplysninger
    jf koronavirus situasjonen vert eksamen gjennomført som digital munnleg eksamen -heime våren 2020.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen