Hjem
Utdanning
Masteremne

Analytisk organisk kjemi

Undervisningssemester

Haust. Emnet går siste gang hausten 2019. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset skal gje ei innføring i korleis ein kan analysere organiske sambindingar ved hjelp av moderne kromatografiske og spektroskopiske metodar. Kurset dekkjar både kromatografiske separasjonsteknikkar og spektroskopiske metodar for oppklåring av strukturer av organiske sambindingar.

Av spektroskopIske metodar går ein inn på infraraud- (IR), ultrafiolett- (UV)og kjernemagnetisk resonans-(NMR) spektroskopi, og massespektrometri (MS). Kromatografidelen omhandlar teknikkar basert på adsorbsjon-, fordeling-, ionebytting- og eksklusjonsprinsipp. Vidare vert prøveopparbeiding, kvantitativ analyse og kombinerte metodar med kromatografisk separasjon og spektroskopisk deteksjon behandla. Aktuelle problemstillingar henta frå industri (farmasøytisk-, matvare-, etc.) og kontrollarbeid (miljø-, doping-, etc.) vert presentert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, verktøy og metodar innanfor kromatografi og spektroskopi
  • Kjenner til bruk av organiske analysemetodar som verktøy innanfor forskings og utviklingsarbeid
  •  

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan forstå og forklare teorien bak IR, UV, MS og NMR spektroskopi
  • Kan tolke spektroskopiske data frå IR, UV, MS og NMR enkeltvis og kombinert for å avklare strukturen til enkle organiske sambindingar
  • Kan foreta strukturoppklaring basert på teoretiske data innhenta ved hjelp av organiske analysemetodar.
  • Kan velje strategiar for å separere ulike organiske sambindingar ved hjelp av moderne kromatografiske metodar.
  • Kan vurdere kvaliteten av ein kromatografisk separasjon og foreslå tiltak for å betre den.

Krav til forkunnskapar

KJEM110, KJEM130, KJEM131, eller tilsvarande

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriegrupper. seminar, ekskursjon osv.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk deltakelse på første forelesning.
  • Laboratoriekurs m/journal. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester. Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
  • Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t).

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K234: 10 stp. K234A: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    02.12.2019, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    18.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen