Hjem
Utdanning
Masteremne

Naturstoffkjemi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKJEM238
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk (Engelsk dersom engelsksspråklege studentar følgjer emnet).
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset inneheld ei kort innføring i plantesystematikk. Sentrale gift- og medisinplantar samt naturlegemiddel vert omtala. Viktige stoffklassar (sekundære metabolittar) i og frå naturen vert framheva, og det vert lagt vekt på klassifisering, nomenklatur, struktur, biosyntese, førekomstar, analyse og farmasøytiske perspektiv.
Praktiske øvingar demonstrerer ulike teknikkar innanfor naturstoffkjemi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gje ei oversikt over feltet naturstoffkjemi.
  • identifisere ulike typar naturstoff, deira førekomstar, struktur, biosyntese og eigenskapar.
  • ha kjennskap til moderne avanserte metodar for isolering og strukturoppklaring av naturprodukt.
  • kjenne til medisinsk anvending av naturstoff, modifiserte naturstoff og virkestoff inspirert av naturstoff

Ferdigheiter

Studenten beherskar å

  • drøfte bruk av naturstoff som utgangspunkt for lækjemiddel.
  • utføre sjølvstendige undersøkingar av plantemateriale og naturstoff.

Generell kompetanse

  • Studenten mestrer gruppearbeid for skriving og framføring semesteroppgåve om naturmiddel
  • Studenten mestrer gruppearbeid for gjennomføring av praktiske laboratorieøvingar

Krav til forkunnskapar

KJEM130/FARM130 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

FARM238:10 stp, KJEM332:10 stp, K332:9stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing: 4 timar pr veke

Laboratoriekurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 påfølgande semester.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.  

Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t).  

Hjelpemiddel til eksamen

  1. Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
  2. Molekylbyggjesett. 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluera undervisinga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@kj.uib.no

Tlf 55 58 34 45

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Trekkfrist
    10.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen