Hjem
Utdanning
Masteremne

Radiokjemi og radioaktivitet

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei grundig innføring i radioaktivitet samt sentrale delar av radiokjemien. Radiokjemiske prinsipp blir sett i samanheng med kjemiske problemstillingar, samt fagfelt der radiokjemisk kompetanse kan nyttast, til dømes innan industri, miljø og medisin. Emnet skal formidle forståing for radioaktiviteten si betydning, både som verktøy og som sjølvstendig fagdisiplin. Applikasjonar der radiokjemien spelar ei sentral rolle vil særleg bli drøfta.

Emnet tek opp tema som fysiske grunnprinsipp kring kjernestruktur, og korleis atombygnaden vert endra ved radioaktivt henfall. Vidare omhandlar emnet dei ulike strålingane, partiklar og elektromagnetisk stråling, interaksjon, og korleis disse kan karakteriserast med ulike detektorar. Stråling og korleis den vert nytta i kjemiske problemstillingar, og korleis stråling har effekt på materien er sentrale tema. Mange problemstillingar innan medisinske døme blir tatt opp, til dømes positronemisjonstomografi (PET) og kreftterapi.

Ureining med radioaktivt stoff og dosimetri vil bli gjennomgått.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • kan definere radioaktive henfallsprosessar og radioaktiv stråling
  • kan prinsippa bak bruk av radioaktivitet innanfor kjemi, kjemiske problemstillingar og tilgrensande fag der kjemien spelar ei viktig rolle.
  • kan prinsippa bak strålehygiene, vekselverknad mellom stråling og materien.
  • kan oppdatere seg innan fagfeltet radiokjemi.

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar nomenklatur, størrelsar og einingar innan radioaktivitet og radiokjemi.
  • Reknar på størrelsar innan radiokjemi og anvende desse på tilgrensande fagfelt.
  • Vurderer stråling og eksponering ut i frå eit strålehygienisk perspektiv.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan formidle relevant fagstoff både muntleg og skriftleg.
  • Kan løyse oppgåver aleine eller i gruppearbeid

Krav til forkunnskapar

KJEM110, evt. KJEM100

Tilrådde forkunnskapar

KJEM120

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, demonstrasjonar og ekskursjonar

Førelesingar/ 4 timer/veke

Ekskursjonar/ 2 dager/semester

Demonstrasjonar ved høve

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Semesteroppgåve i vald eller oppgitt emne innan eit tema frå radiokjemi eller radioaktivitet.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 1 påfølgande semester etter godkjenninga

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Semesteroppgåva , utgjer 40% av karakteren.
  • Skriftleg eksamen (4 timar), utgjer 60% av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

  • Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets reglar
  • Nuklidekart

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: Studierettleiar@kj.uib.no

Tlf 55 58 34 45

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    27.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    13.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted