Vitskapeleg formidling på engelsk
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeKJEM290
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk / English.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
5.
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningssemester
Vår. Siste undervisningssemester er vår 2022.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Mål:
Studentane skal lære å uttrykkje seg presist og vitskapeleg på engelsk, både skriftleg og munnleg.
Innhald:
Kurset skal gje studentane ei innføring i dei mest brukte omgrepa ein finn i engelske naturvitskapelege tekstar, med eit spesielt fokus på kjemifaget. Undervisninga omfattar regulære førelesingar og seminar der studentane legg fram og diskuterer vitskapelege tekstar som dei sjølve har utarbeidd.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Kjenner til omgrep og termar som nyttast i naturvitskapelige tekstar på engelsk, med særleg vekt på kjemiske fagområder.
- Kjenner til struktur og oppbygging av ein vitskapeleg artikkel.
Ferdigheiter
Studenten
- Kan utarbeide vitskapelege tekstar på engelsk.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan formidle vitskapeleg materiale på engelsk både munnleg og skriftleg.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
4 timar undervisning(førelesningar og seminar) kvar veke i 6 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på fem av seks seminar. Skrive ein (populær)vitskapeleg artikkel på engelsk.
Vurderingsformer
Godkjend (populær)vitskapeleg artikkel, inkludert presentasjon av denne, godkjent frammøte på seminara. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgjande semester etter godkjenninga.
Karakterskala
Bestått eller ikkje bestått.
Vurderingssemester
Berre vurdering i semester med ordinær undervisning. Sjå "Vurderingsform".
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31
Programansvarleg
Kjemisk institutt.
Emneansvarleg
Kjemisk institutt.
Administrativt ansvarleg
Kjemisk institutt.
Institutt
Kjemisk institutt.
Kontakt
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.