Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Vitskapeleg formidling

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKJEM291
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål: Studentane skal lære å uttrykkje seg presist og vitskapleg, både skriftleg og munnleg.

Innhald: Emnet skal gje studentane ei innføring i dei mest brukte omgrepa ein finn i naturvitskaplege tekstar. Undervisninga omfattar regulære førelesingar og seminar der studentane legg fram og diskuterer vitskaplege tekster som dei sjølve har utarbeidd.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten:

  • Kjenner til omgrep og termar som vert nytta i naturvitskaplege tekstar
  • Kjenner til struktur og oppbygging av ein vitskapleg artikkel

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan utarbeide vitskaplege tekstar

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Kan formidle vitskapleg materiale både munnleg og skriftleg

Krav til forkunnskapar

Minst 90 studiepoeng frå bachelorprogramma i kjemi eller nanoteknologi.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

KJEM290, 5 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.

Arbeids- og undervisningsformer

4 timar undervisning (førelesingar og seminar) kvar veke i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på 80% av seminara. Skrive ein (populær)vitskapleg artikkel.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 3 påfølgjande semester etter godkjenning.

Vurderingsformer

Godkjend (populær)vitskapleg artikkel, inkludert presentasjon av denne, samt godkjent frammøte på seminara. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgjande semester etter godkjenninga.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er berre vurdering i semester med ordinær undervisning.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten av studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Kjemisk institutt.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studierettleiar@kj.uib.no, tlf: 55583445